Beteslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beteslekta
Illustration Beta vulgaris var.JPG
Sukkerbete (Beta vulgaris var. rapacea)
Vitskapleg namn
Beta
Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Område: Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: amarantfamilien

Bete er ei planteslekt i amarantfamilien. Fleire mat- og fôrvekster høyrer til slekta som raudbete, fôrbete og sukkerbete.

Plantane i slekta er eitt- og toårige urter med opprett vekst som typisk blir rundt ein meter høge. Dei har tynn pelerot og store, hjarteforma blad som er tjukke og hårlaus. Betane har små, lite iaugefallande blomar som sit i store blomsterstandar. Blomane er samla i endestilte, aksaktige nøklar. Frukta er ein flat kapsel med eit oppspringande lok.

Det kjem 12 artar frå Europa og middelhavsområdet. Den viktigaste av desse kulturelt er Beta vulgaris som omfattar strandbete (B. vulgaris ssp. maritima), stamforma til dyrka betar.

Raudbetar med ulike fargar.

Betar som raudbete kan dyrkast over heile Noreg. Både blad og rot kan brukast som mat. Fleire betetypar kan ha sterk raudfarge som kjem av betalainstoff. Alle raudbetetypar er likevel ikkje nødvendigvis raude, men kan også ha kvite eller gulfarga røter.

Bladbete (Beta vulgaris var. cicla)

Artar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Beta (Chenopodioideae)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Bete: planteslekt» (27. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. mars 2014.
  • «Rødbete» (31. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. mars 2014.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.