Bex
Utsjånad
Bex | |||
---|---|---|---|
Rue du Cropt i Bex | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Vaud | ||
Distrikt | Aigle | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Michel Flückiger | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
96,56 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
6 500 67,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°15′0″N 7°1′0″E / 46.25000°N 7.01667°E | ||
Høgd over havet | 424 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1880 | ||
Nettstad: www.bex.ch |
Bex er ein kommune i kantonen Vaud i Sveits, i distriktet Aigle. Han ligg nokre få kilometer sør for systerbyen Aigle. Kommunen har 6 500 innbyggjarar (2010) og eit areal på 97 km². Kommunesenteret ligg 424 meter over havet.
Kommunen ligg langs elva Avançon. Han er den tredje største kommunen i distriktet og strekkjer seg frå breidda av elva Rhône (395 moh) til Les Diablerets (3210 moh). Han består av landsbyen Bex og grendene Le Châtel, Les Dévens, Le Chêne, Fenalet, Les Posses, Le Bévieux, Frenières og Les Plans.
Bex ligg austsida av elva Rhône i ein vid dal omgjeven i aust av Bern-Alpane og i vest av Chablais-Alpane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bex» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Diablerets, Les på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.