Kommunar i Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Sveits med alle kommunane

Ein kommune (tysk Gemeinden, fransk communes, italiensk comuni, retoromansk vischnancas) er den minste administrative inndelinga i Sveits. I februar 2010 var det 2596 stykk av dei.[1] Mange av kommunane har berre nokre få hundre innbyggjarar, men òg dei store byane som Zürich og Genève har status som kommunar. Kring halvparten av kommunane har færre enn 1000 innbyggjarar. Arealet til kommunane varierer frå 0,28 km² (Ponte Tresa i Ticino) til 430 km² (Glarus Süd i Glarus).

«Byar» (villes eller Städte) er kommunar med meir enn 10 000 innbyggjarar, eller mindre stader som har byrettar frå mellomalderen. Det er ingen offisielle omgrep for mindre busetnader som «landsby» eller «tettstad».

Folketal Tal på kommunar i 2004 (%)[2]
>20 000 30 (1,1 %)
10 000–19 999 89 (3,2 %)
5000–9999 180 (6,6 %)
1000–4999 1025 (37,4 %)
500–999 555 (20,3 %)
<500 861 (31,4 %)
Total 2740 (100 %)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Répertoire officiel des communes de Suisse». Statistique Suisse. 1. januar 2009. Henta 12. mars 2012. 
  2. Offisiell liste over sveitsiske kommunar s. 17

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kommunar i Sveits