Biella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biella
Plassering
Biella is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Biella
Borgarmeister 88 Vittorio Barazzotto
Geografi
Flatevidd
 - By

46,68 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2012)
   - folketettleik

43 733
  937/km²
Koordinatar 45°34′″N 8°4′″EKoordinatar: 45°34′″N 8°4′″E
Høgd over havet 420 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 13900
Telefon-retningsnummer 015
Nettstad: www.comune.biella.it

Biella (latin Bugella) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Biella i regionen Piemonte og har om lag 43 733 innbyggjarar. Han ligg om lag 80 km nordaust for Torino og om lag 100 km nordvest for Milano.

Byen ligg ved foten av Alpane i Bofjella nær Mucrone og Camino, som er eit område med mange småelvar og innsjøar. Elvo renn vest for byen, Oropa og Cervo renn i aust. Det ligg fleire skisenter i nærleiken og byen er eit populært turistmål. Pilegrimar kjem til Sacro Monte di Oropa, det heilage fjellet Oropa, som i 2003 vart inskrive på UNESCO si verdsarvliste.

Biella er eit senter for produksjon av ull og tekstilar. Det ligg ein liten flyplass i den nærliggande kommunen Cerrione som tener byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Interiøret i domkyrkja i Biella er eit mesterverk av trompe-l'oeil.
Sacro Monte di Oropa.

Dei første innbyggjarane ein kjenner til i området var ligurarar og keltarar som levde nær elvane og innsjøane som fiskarar og jegerar, og seinare gjetarar. Ei ligurisk stamme, Victimuli, slo seg ned på Biellasletta og utnytta gullårene nær Elvo. Leiting etter gull i området haldt fram til tidleg i mellomalderen, og sjølv i dag er gullgraving ein lokal hobby.

Namnet Bugella dukka for første gong opp i eit dokument frå 826 der det stod at Ludvig den fromme, son til Karl den store, gav byen til grev Busone. Eit anna dokument frå 882 fortel om byte av nokre av landområda til Karl den tjukke mot kyrkja i Vercelli.

900-talet var byen busett av alemannarar, langobardar og frankarar, som bygde dei første bymurane for å forsvare seg mot barbarane. Restar frå denne perioden i dag er den langobardiske dåpskapellet og den tilhøyrande kyrkja S. Stefano, som byen voks opp rundt. I dag fungerer kyrkja som domkyrkje, men den opphavleg frå 400-talet vart øydelagd i 1872.

Biskop Uguccione si borg vart øydelagd under eit opprør i 1377 som førte til at Biella vart underlagd Huset Savoie.

1300- og 1400-talet kjempa Visconti-familien mot Savoie om styringa over Biella-området. På 1600-talet var det liknande kampar mellom franskmennene og spanjolane, og Biella vart okkupert i 1704.

I 1798 vart nok ein gong okkupert av Frankrike og etter slaget ved Marengo vart Biella formelt annektert av Frankrike. Etter Wienerkongressen gjekk byen tilbake til Savoie.

I 1859 vart Biella omleira av austerrikarar, men Garibaldi gjorde slutt på omleiringa og byen vart ein del av provinsen Novara, og mista statusen som regionshovudstad, som han hadde fått på 1600-talet av Karl Emanuel av Savoy. I 1927 vart han overført til provinsen Vercelli i 1927.

I 1992 vart den nye provinsen Biella oppretta ut av dei nordvestlege områda av provinsen Vercelli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]