Bigos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bigos i Poznan i 2018.

Bigos er ein tradisjonell polsk gryterett med sauerkraut, fersk kål, kjøt- og pølsebitar, bacon, sopp, lauk og ofte litt raudvin og svisker. Ein kan også tilsetja karve, allehande og merian. Bigos har ikkje ei fast oppskrift, og familiar har typisk sin eigen variant. Retten blir kokt lenge på svak varme. Smaken blir rekna som best etter at retten er blitt varma opp fleire gonger. Bigos blir servert heime eller på mjølkebarar, der ein får enkel mat servert billig. Bigos blir rekna som nasjonalrett i Polen, men er også populær i dei tidlegare polske områda som i dag er Litauen, Belarus og Ukraina. Bigos blir ofte servert på julaftan i Polen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holm-Hansen, Jørn (17. oktober 2022). «bigos». Store norske leksikon (på norsk). Henta 17. januar 2024.