Billy Boyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Boyd under Ring*Con 2005 i Fulda i Tyskland.
Foto: Diane Krauss.

Billy Boyd (fødd 28. august 1968 i Glasgow) er ein skotsk skodespelar og musikar. Han er mest kjend for å ha spelt rollene som Peregrin Tók, «Pippin» i Ringdrotten-filmane, Barrett Banden i Master and Commander: The Far Side of the World og Glen i Seed of Chucky.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Billy Boyd døydde eit års tid frå kvarandre medan Billy var tenåring. Etter det vart han og storesystera oppdregne av bestemor si. Seksten år gamal var han med i ei oppsetning ved musikkteateret Theatre Guild i Glasgow, men før han satsa på skodespel jobba Billy Boyd som bokbindar i sju år. Han vart uteksaminert frå Royal Scottish Academy of Music and Drama der han fekk vitnemål i dramatisk kunst.

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

Fyrste rolla han spelte, var i ein episode av fjernsynsserien Taggart i 1996. To år seinare var han med kortfilmen The Soldier's Leap og kinofilmen Urban Ghost Story. I 1999 spelte han i fjernsynsfilmen Coming Soon og i kinofilmen Julie and the Cadillacs. Dette var alle film- og TV-rollene Boyd hadde spelt før han blei hyra inn til innspelinga av Peter Jackson-filmen Ringenes herre: Ringens brorskapNew Zealand.[1]

Billy Boyd sin rollefigur, hobbiten Peregrin «Pippin» Tók, var med i alle tre Ringdrotten-filmane. Han blir ein av dei ni deltakarane i Ringens brorlag som skal hjelpa Frodo Lommelun å bera Ringen inn i Mordor for å øydeleggja han. I slutten av fyrste filmen blir Pippin og Muntiadok «Munti» Brennibukk (Dominic Monaghan) tekne til fange av orkar som har fått beskjed om å fanga hobbitane levande. I To tårn greier Pippin og Munti å koma seg vekk frå orkane og rømer inn i skogen Fangorn, der dei møter på Treskjegg (John Rhys-Davies), ein ent, eller trehyrding.[2] I den tredje filmen, Atter en konge blir Pippin teken med av Gandalv (Ian McKellen) og stilt framfor riksforvaltaren av Gondor, Denethor (John Noble) der Pippin blir gjort til tenar for riksforvaltaren.[3] Billy Boyd har også spelt inn stemma til Pippin i videospela basert på filmane.[4]

Ringdrotten-filmane blei truleg Boyd sitt gjennombrot som skodespelar. Saman med resten av skodespelargruppa vann han fleire heidersprisar, m.a. Screen Actors Guild Award for Atter en konge. Etter Ringdrotten har Billy Boyd mellom anna spelt i Master and Commander: The Far Side of the World (2003), Seed of Chucky (2004), The Flying Scotsman (2006) og Glenn, the Flying Robot (2010). Han har også spelt på teaterscena, og var med i fleire oppsetningar ved Dundee Repertory Theatre. I 2013 spela han Banquo i Macbeth av Shakespeare ved Shakespeare's Globe i London.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Billy Boyd er også musikar. I Atter en konge er det ei scene der Pippin står i hallen til riksforvaltaren Denethor og Denethor befalar han å syngja ein song frå sine heimtrakter medan han sjølv et. Billy Boyd syng då «The Edge of Night», som han sjølv hadde skrive melodien til. Teksten er henta frå eit dikt av J.R.R. Tolkien.[5] Songen er teken med i lydsporet til filmen, der ein kan høyra Boyd si stemme nesten utan akkompagnement. Songen vart seinare brukt i traileren til den tredje Hobbiten-filmen, Hobbiten: Femhærerslaget, av Peter Jackson.

Boyd har spelt både bass og trommer på eit album av Viggo Mortensen, som også spelte i Ringdrotten-filmane. Albumet heitte Pandemoniumfromamerica og kom ut i 2003. Boyd er elles frontfigur for bandet Beecake, som fekk namnet sitt etter at Dominic Monaghan sendte han eit bilete av ei kake som vart heilt tildekka av bier. Beecake gav ut albumet Soul Swimming i 2010 og EP-en Please Stay i 2012. I 2014 spelte Billy Boyd inn songen «The Last Goodbye» som vart brukt under rulleteksten til Hobbiten: Femhærerslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]