Hakeparentes
| [ ] | |||
Hakeparentes | |||
|---|---|---|---|
| Unicode | U+005B [ LEFT SQUARE BRACKET ([, [) U+005D ] RIGHT SQUARE BRACKET (], ])
U+FF3B [ FULLWIDTH LEFT SQUARE BRACKET Mellomalderstudiar:
Teknisk/matematisk
Fonetiske teikn
Sitat (austasiatiske tekstar)
| ||
Hakeparentes, [ og ], er ein parentes laga av rette, vinkelbøygde strekar, til skilnad frå vanleg parentes (bogeparentes).[1] Parentestypen blir også kalla skarpe klammer og klammeparentes, noko ein også kan gjera med sløyfeparentes eller krøllparentes.[2]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Hakeparentes blir ofte nytta til å leggja til forklarande materiale eller for å markera kvar eit [ord] eller [ei gruppe ord] er blitt utelatne frå tekstar av nokon andre enn opphavspersonen. Teikna kan også markera endringar i sitat.[3] I transkriberte intervju, lydar, svar og reaksjonar kan reaksjonar som ikkje er ord skildrast inni hakeparentes: — «... [ler] ...».
Når sitert materiale er endra på noko som helst vis blir endringar omslutta av hakeparentes inni sitatet for å visa at sitatet ikkje er heilt nøyaktig attgjeve, eller for å leggja til ei forklaring.[4] Til dømes: Saksøkjaren sa,
[s]aken min [sic] er rettvis.
I den opphavlege setninga var ordet «saken» skrive med stor bokstav, denne er gjort om til liten i sitatet og endringa markert med hakeparentes. Der sitatet inneheld ein grammatisk er («saken min» i staden for «saka mi») signaliserer forfattaren at feilen fanst i den originale teksten ved å skriva «[sic]» (latin for 'slik') i hakeparentes.
Ein ellipse i hakeparentes, [...], blir ofte nytta for å indikera utelate materiale: «Eg vil gjerne takka [fleire uviktige folk] for toleransen deira [...]»[5] Kommentarar i hakeparentes sett inn i sitat indikerer at den opphavlege teksten er blitt modifisert for å klargjera han: «Eg set pris på det [æra], men eg må takka nei,» og «framtida til psionikk [sjå definisjon] er i tvil.» Eller ein kan sitera den opphavlege utsegna «eg hatar å ta oppvasken» med ei (av og til grammatisk) endring i hakeparentes: Han «[hata] å ta oppvasken».
Ein liten bokstav kan også erstattast av ein stor, som når ein byrjar ei setning med ein del av den opphavlege teksten eller når originalteksten er blitt avkorta — som når ein forkortar eit langt sitat frå: «To the extent that policymakers and elite opinion in general have made use of economic analysis at all, they have, as the saying goes, done so the way a drunkard uses a lamppost: for support, not illumination» til: "[P]olicymakers [...] have made use of economic analysis [...] the way a drunkard uses a lamppost: for support, not illumination.» Når ein nytta ein parentesinni ein anna parentes kan ein av og til nytta hakeparentes til det indre parentesparet.[6] Vil ein ha endå fleire parentesar inni er det vanleg å bytta mellom parentes og hakeparentes på kvart nivå.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «hakeparentes» i Nynorskordboka.
- ↑ Skramstad, Per-Erik, «Parentes: Om bruk av parentes i norsk og forskjellige typer parenteser – Korrekturavdelingen.no», Korrekturavdelingen (på norsk), henta 23. september 2025
- ↑ The Chicago Manual of Style (15. utg.). University of Chicago Press. 2003. §6.104.
- ↑ California Style Manual (4. utg.). §4:59.
- ↑ Wilson, Kenneth G. (1993). «Brackets (Square, Angle)». The Columbia Guide to Standard American English. Columbia University Press. Arkivert frå originalen 24. mai 2008 – via Bartleby.com.
- ↑ The Chicago Manual of Style (15. utg.). University of Chicago Press. 2003. §6.102, §6.106.
- Denne artikkelen bygger på «Bracket» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2025.