Tankestrek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘ ’ ) ( “ ” ) (« ») (» «) (› ‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


  Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom (   )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


  Parentesar
parentes ( ( ) )
hakeparentes ( [ ] )
krøllparentes ( { } )
vinkelparentes ( 〈 〉 )
piggparentes ( ⁅ ⁆ )

v  d  e

Tankestrek () er eit skriftteikn som blir brukt til framfor og eventuelt bak setningsinnskot i staden for komma, som markør i punktvise oppstillingar, mellom tal som viser intervall m.v. Tankestrek kan også bli brukt som replikkstrek, som markerer innleiing av replikkar i staden for hermeteikn. Dessutan blir tankestrek brukt for å markere null øre etter kronebeløp.

Den korte tankestreken som blir brukt i Noreg, vert òg kalla «ndash» fordi han er like lang som bokstaven n. Tankestrek er lengre enn bindestrek, som har eit anna bruksområde.

På PC kan ein skrive tankestrek ved tastekombinasjonen Alt+0150. I Word kan ein skrive tankestrek ved å halde Ctrl-tasten inne mens ein trykkjer på minusteiknet på det numeriske tastaturet. På Mac gir Alt+bindestrek normal tankestrek, mens Alt+shift+bindestrek gir lang tankestrek. Ved redigering på Wikipedia finn ein tankestrek blant spesialteikna under redigeringsvindauget.

Døme på bruk av tankestrek[endre | endre wikiteksten]

Eg har – verken i bøker eller aviser – lese noko liknande.

Noreg – Brasil: 2–1

1970–79

– Slik bør vi skrive på Wikipedia, meiner bidragsytaren. (Etter replikkstrek bør ein bruke hardt mellomrom).

Brusen kosta kr 10,–.

Lang tankestrek[endre | endre wikiteksten]

I andre land brukar ein òg lang tankestrek () (mdash). Lang tankestrek er å finne i redgeringsvindauget på Wikipedia, men skal ikkje brukast i norsk typografi.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]