BioShock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
BioShock
BioShock-Logo.svg
BioShock-logoen
Utviklar(ar)2K Boston, 2K Australia
Utgjevar(ar)2K Games, Feral Interactive
Design(ar)Paul Hellquist
Kunstnar(ar)Scott Sinclair
Komponist(ar)Garry Schyman
SerieBioShock
Plattform(er)Microsoft Windows, mobil, PlayStation 3, Xbox 360, Cloud, iOS, OS X.
Utgjeve21. august 2007
SjangerFyrstepersons skytespel
SpelemodusEnkeltspelar
MotorUnreal Engine 2.5 og 3, med Havok fysikk
Aldersgrense18+

BioShock er eit fyrstepersonsskytespel utvikla av 2K Boston (seinare kalla Irrational Games), og utgjeve av 2K Game. Spelet vart utgjeve for Microsoft Windows og Xbox 360 i august 2007. Ein PlayStation 3-versjon av Irrational, 2K Marin, 2K Australia og Digital Extremes vart utgjeven i oktober 2008, ein OS X-versjon av Feral Interactive i oktober 2009, medan ein mobil versjon vart utvikla av IG Fun. Konseptet til spelet vart utvikla av Ken Levine frå Irrasional, og var basert på ideane om objektivisme av Ayn Rand, i tillegg til påverknader frå andre forfattarar slik som George Orwell. Spelet vert rekna som ein åndeleg oppfølgjar til System Shock-serien, som mange av i Irrational-teamet, inkludert Levine, hadde jobba på tidlegare.

BioShock tek stad i 1960, der spelaren styrar hovudpersonen, Jack, etter at flyet hans har krasja i havet nær inngangen som fører til undervatnsbyen Rapture. Bygd av forretningsmagnat Andrew Ryan, vart byen meint til å vere ein isolert utopi, men grunna oppdaginga av ADAM, eit plasmid som gjev superkrefter, blir byen sin turbulente nedgang sett i verk. Jack prøvar å finne ein måte å rømme på og kjempar seg gjennom hordar av ADAM-besette fiendar og dei ikoniske Big Daddies. Han kjem i kontakt med dei få tilreknelege menneskja som gjenstår i Rapture, for å til slutt få vite om Rapture si fortid. Spelaren er i stand til å beseire fiendar på ei rekkje måtar ved hjelp av våpen, å utnytte plasmid som gjev unike krefter og ved å slå Rapture sine eige forsvar mot dei. BioShock inkluderer element av rollespel, noko som gjev spelaren ulike måtar å handtere fiendar på, som med sniking. Ein får dessutan moralske val om å redde eller drepe karakterar. Spelet har også trekk frå skrekksjangeren.

BioShock fekk strålande kritikk og vart spesielt godt motteke av kritikarane for si moralbaserte historie, oppslukande miljø og unike setting. Det fekk fleire Game of the Year-prisar frå ulike medium, mellom anna frå BAFTA, Game Informer, Spike TV og X-Play. Sidan utgjevinga har spelet hatt to oppfølgjarar, BioShock 2 av 2K Marin og BioShock Infinite av Irrational Games.

Synopsis[endre | endre wikiteksten]

Setting[endre | endre wikiteksten]

BioShock tek stad i 1960 i undervatnsbyen Rapture, med historia til byen fortalt gjennom lydopptak som spelaren kan samla i løpet av spelet. Byen vart planlagd og bygd på 1940-talet av den objektivistiske forretningsmagnaten Andrew Ryan som ynskte å skape eit utopi der eliten i samfunnet kunne blomstra utanfor statleg kontroll. Det blir gjort store vitskaplege framsteg, mellom anna oppdaginga av plasmidet ADAM skapt av sjøsniglar på havbotn. ADAM tillét brukarane å endre DNA-et sitt og få overmenneskelege krefter slik som telekinese og pyrokinese.

Til trass for det tilsynelatande utopiet veks det klasseskilje, og tidlegare gangster og forretningsmann Frank Fontaine brukar innverknaden sin på underklassen for å planleggje eit kupp av Rapture. Fontaine opprettar ein svartebørs med verda på overflata, og skapar saman med Dr. Brigid Tenenbaum ein billeg plasmid-industri ved masseproduksjon av ADAM. Dette gjorde dei ved å implantere sniglar i magen på foreldrelause jenter, kalla Little Sisters. Fontaine brukar sin plasmid-forsterka hær til å gå til åtak på Ryan, men blir rapportert drepen i slaget. Ryan nyttar høvet til å ta eigendelane hans, inkludert plasmid-fabrikkane. I løpet av dei neste månadene, byrjar ein annan figur, Atlas, å tale for underklassen, noko som skapar ytterlegare strid. Atlas leiar åtaka på fabrikkane der Little Sisters oppheld seg, og som svar lagar Ryan Big Daddies, som er plasmid-forbetra menneske som er kirurgisk bunde inn i digre dykkardrakter som er psykologisk tvinga til å verne om sine Little Sisters for ein kvar pris. Ryan skapar òg sin eigen hær av plasmid-forbetra soldatar, kalla Splicers, som han styrar ved hjelp av feromon distribuert gjennom Rapture sitt luftsystem.

Spenninga mellom dei to partane kom på toppunktet nyttårsaften 1959, då Atlas kommanderte fullt åtak på Ryan. Slaget enda med mange dødsfall, og dei få overlevande rekna som tilregnelege gøymde seg bort. Det som ein gong hadde vore eit utopi hadde enda som eit dystopi. Nokre av hendingane skildra ovanfor blir sedd tilbake på og vidare forklart i DLCen til BioShock Infinite, Burial at Sea.

Handling[endre | endre wikiteksten]

I 1961, ved starten av spelet, er protagonisten Jack ein passasjer på eit fly som går ned i Atlanterhavet. Som den einaste overlevande svømmar Jack til eit nærtliggande fyrtårn med ein batysfære-terminal som tek han ned til Rapture.

Jack blir kontakta av Atlas via radio, og blir med hjelp frå han leia i tryggleik frå Splicers og dei andre farane i den falleferdige byen. Atlas ber Jack om hjelp til å stoppe Ryan, og ber han dra til ein forankra batysfære, der Atlas hevdar at Ryan har fanga familien hans. Når Jack støyter på ei vandrande Little Sister med sin falne Big Daddy, oppfordrar Atlas Jack til å drepe Little Sister for å hauste inn mengda av ADAM ho har til kroppen til seg sjølv. Dr. Tenenbaum overhøyrer dette og avskjer Jack før han skader Little Sister. Ho oppfordrar han til å spare henne og andre Little Sisters han møter, og gjev han med det eit plasmid som kan fjerne snigla ut av kroppen på Little Sisters. Jack kjem seg til slutt fram til batysfæren, men Ryan øydelegg den før Jack kan nå den. Rasande ber Atlas Jack om å oppsøkje Ryan i herskapshuset hans, og leiar Jack gjennom Ryan sin hær av Splicers og Big Daddies. Jack blir tvinga til å reise gjennom område kontrollert av Ryan sine allierte som no har vorte sinnssjuke, til dømes Sandar Cohen, ein tidlegare musikar som no tek glede i andre sin daud og elende.

Til slutt finn Jack fram til Ryan sitt personlege kontor, der han tålmodig ventar på Jack medan han spelar golf. Ryan forklarer at fullt ut visste om Atlas sin plan, og at Jack er hans uekte barn, teke frå mor si av Fontaine som plasserte han ut av Ryan si rekkjevidde på overflata, genmodifisert til å aldre raskt. Fontaine hadde planlagt å bruka Jack som eit «trumfkort» i krigen sin med Ryan, og bringe han tilbake til Rapture når tida var inne. Jack sin genetikk ville tillate han å få tilgjenge til system slik som batysfæren som Ryan hadde låst for lenge sidan. Utan nokon stad å rømme, er Ryan villig til å akseptere dauden sin av eigen frie vilje og siterar ein av sine eigne prinsipp; «Ein mann vel. Ein slave lyder». Han spør Jack om han «ville være så snill» å drepe han med golfkølla, som Jack blir tvinga til å gjere. Når Ryan døyr blir Jack klår over at uttrykt «ville du være så snill» har innleia mange av Atlas sine kommandoar som ein hypnotisk utløysar som har fått han til å følgje Atlas sine ordre utan spurnad. Eit tilbakeblikk avslørar at Jack sjølv var ansvarleg for å krasje flyet sin nær inngangen til Rapture etter å ha lese eit brev som inneheld Atlas sin ofte brukte frase. Atlas avslørar så seg sjølv som Fontaine, etter å ha brukt Atlas som eit alias for å skjule seg sjølv samstundes som det gav ein figur for underklassa å samle seg bak. Utan Ryan tek Fontaine kontrollen over hans system, og etterlèt Jack til å døy når han send inn fiendtlige dronar på Ryan sitt låste kontor.

Jack blir redda av Dr. Tenenbaum og Little Sisters som tidlegare hadde vorte redda av han. Dr. Tenenbaum hjelp Jack med å fjerne dei automatiske reaksjonane satt inn i Jack sine gener av Fontaine, inkludert ein som ville ha stoppa hjartet hans. Med hjelp av Little Sisters er Jack i stand til å finne fram til Fontaine sin opphaldsstad for å konfrontere han. Når Fontaine følar seg trua av Jack, injiserer han seg med ei stor mengd av ADAM, og blir eit umenneskelig monster. Jack får hjelpt av Little Sisters til å minske dosen av ADAM i Fontaine sin kropp, som til slutt tek livet av han.

Spelet si avsluttning avheng av spelaren sin interaksjon med Little Sisters.

  • Dersom spelaren har redda alle Little Sisters (eller i det minste ikkje har hausta nokon av dei), vil fem av dei vende tilbake til overflata med Jack og leve eit fullverdig liv under hans omsorg, til slutt rundt han på dødsleiet.
  • Dersom spelaren haustar minst ein Little Sister, går Jack til åtak på Little Sisters for å hauste ADAMen deira. Tenenbaum fortel trist kva som skjedde, og fordømmer Jack og handlingane hans. Ein ubåt kjem deretter over vraket frå flyet, og blir omringa av batysfærer med Splicers som går til åtak på mannskapet og tek kontroll over den. Ubåten visar seg å innehelde atomrakettar, og Tenenbaum hevder at Jack no har «stole verda sine forferdelege løyndommar». Dersom spelaren har hausta kvar einaste Little Sister i spelet, vil Tenenbaum si forteljing verte fortalt i ein meir rasande og aggressiv tone.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

BioShock har fått universell heider. Mange presseomtalar rosar dei oppslukande kvalitetane og den politiske dimensjonen til spelet. Boston Globe skildra spelet som «eit nydeleg, brutalt, og urovekkjande dataspel ... eit av dei beste på mange år». The Los Angeles Times sin anmeldelse av spelet konkluderte med at «det er båe gøy å spele, ser spektakulært ut og har lette kontrollar, men det gjer òg noko ingen andre spel har gjort hittil... Det får deg verkleg til å føle noko». The New York Timest skildra spelet som «intelligent, nydeleg og tidvis skremmande».

Metacritic fekk spelet ein gjennomsnittleg score på 96/100 på Xbox 360 og Microsoft Windows, og 94/100 på PlayStation 3. Per juli 2013 er det eit av dei høgast rangerte spela på Metacritic. Gamerankings tildelte spelet ein gjennomsnittleg score på 95% på Xbox 360 og Microsoft Windows, og 94% på PlayStation 3. BioShock er òg ein av dei høgaste rangerte spela på Gamerankings. GameSpy roste BioShock for «ein uunngåelig atmosfære», og Official Xbox Magazine hylla «den ufattelig gode handlinga» og «det fantastiske soundtrack og lydeffektane».

Relaterte medium[endre | endre wikiteksten]

Cosplay av ein Big Daddy.

Oppfylgjarar[endre | endre wikiteksten]

Etter spelet sitt gode sal og tilbakemeldingar frå kritikkarar, blei BioShock 2 annonsert i 2008. Det blei utviklinga av 2K Marin, utan Irrational (då kalla 2K Boston) fordi dei heller ynska å finne på noko «veldig, veldig annleis», som seinare viste seg å vera BioShock Infinite. BioShock 3 blei òg annonsert, med ser ut til å få den same skjebna som den avlyste BioShock-filmen.

BioShock 2 føregår omkring ti år etter hendingane i det fyrste spelet. Spelaren tek rollen som «Subject Delta», ein forlaupar til «Big Daddies», som må leite etter si «Little Sister», Eleanor, i den falne byen Rapture. BioShock 2 kom ut til Windows, Mac, Xbox 360 og PlayStation 3 den 9. februar 2010 .

BioShock Infinite blei utvikla av Irrational Games og utgjeven i 2013. Sjølv om spelet delar namn og har mange like trekk i oppbygginga som med BioShock, er ikkje spelet ein oppfølgjar eller forlaupar. Tilleggspakken Bioshock Infinite: Burial at Sea, går føre seg i Rapture i 1959, før krigen mellom Atlas og Ryan, og held fram historia mellom Booker og Elizabeth.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Det har blitt gjeve ut ei bok kalla BioShock: Breaking the Mold, som omfattar kunst frå spelet. Den 19. juli 2011 kom BioShock: Rapture, ein roman skriven av John Shirley ut. Boka handlar om korleis Rapture blei øydlelagt og fylgjer fleire BioShock-karakterar.

Avlyst film[endre | endre wikiteksten]

Den 9. mai 2008 annonserte Take Two ein avtale med Universal Studios om å produsera ein BioShock-film som skulle bli regissert av Gore Verbinski og skrive av John Logan. Grunna m.a. usikkerhet budsjetthensyn blei det i mars 2013 bekrefta at filmen var blitt offisielt kansellert. I januar 2014 blei illustrasjonar frå den avlyste filmen som viste korleis den kunne ha sett ut, spredd på nettet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]