Bioko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bioko
øy
Land  Ekvatorial-Guinea
Areal 1 935 km²
Folketal 334 463 (2015)[1]
Kart
Bioko
3°30′N 8°42′E / 3.5°N 8.7°E / 3.5; 8.7
Wikimedia Commons: Bioko
Arena Blanca-stranden på Bioko.

Bioko er ei øy i Guineabukta og er ein del av Ekvatorial-Guinea. Hovudstaden i Ekvatorial-Guinea, Malabo, ligg nord på øya. Dei fleste innbyggjarane på øya bur her. Den nest største byen på øya, Luba, ligg i sør. Til saman bur rundt 335 000 menneske på Bioko.[2]

Øya dekkjer eit areal på 2017 km². Ho er ein del av den vulkanske Kamerunlinja. Administrativt er øya delt inn i Bioko Norte og Bioko Sur.

På Bioko ligg òg det kjende Black Beach-fengselet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Urfolket på øya, bubifolket, kallar henne Ëtulá a Ëribube.[3] I nesten 500 år var ho kjend som Fernando Po (portugisisk Fernando Pó, spansk Fernando Poo), kalla opp etter den portugisiske navigatøren Fernão do Pó. Mellom 1973 og 1979 hadde øya namnet Macías Nguema Biyogo etter den dåverande persidenten i landet, Francisco Macías Nguema. Det noverande namnet, Bioko, blei innført i 1979 til ære for politikaren Cristino Seriche Bioko.[4]:68

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Etter folketeljinga frå 2015 bur det 335 048 menneske på øya.[2] Urfolket er bubifolk, som no utgjer 58 % av innbyggjarane. Andre folkeslag er fangfolk, som utgjer 16 %, fernandinos med 12 %, igbofolk med 7 %, i tillegg til ein del andre afrikanske og europeiske innvandrarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://inege.gq/index.php/download/46/demografia-y-poblacion/1413/resultados-preliminares-del-iv-censo-de-poblacion-2015.pdf.
  2. 2,0 2,1 «Anuario Estadístico de Guinea Ecuatorial 2018» (PDF). Instituto Nacional de Estadisticas de Guinea Ecuatorial. Henta 29. mai 2020. 
  3. «Playa de Arena Blanca». Atlas Obscura. 
  4. Pospelov, E. M. (1998). Geograficheskie nazvanii︠a︡ mira: toponimicheskiĭ slovarʹ. Moskva: Russkie slovari. ISBN 978-5-89216-029-2.