Birger Søyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Søyland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1961 (62 år)
Idrett friidrett

Birger Søyland (fødd 8. august 1961), opphavleg Birger Søyland Nielsen, er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Kristiansand som i åra 1983, 1985, 1987 og 1989 vart noregsmeister i tresteghopp. Han var medlem i IK Våg til 1985, sidan representerte han IL i BUL, Romedal IL og FIK Orion.

Søyland kjempa i landstoppen i tresteghopp det meste av 1980-talet. Han sette personleg rekord med 15,41 meter i 1982, ein rekord han året etter flytta til 15,67 m. Den 17. juni 1984 presterte han 16,01 meter og livsbeste i Malmö, eit resultat som også var norsk årsbeste i øvinga. Under NM i friidrett 1985 landa han på 16,28 m og fekk sølv, men grunna for sterk medvind fekk korkje han eller vinnaren Torstein Dahle godkjent sine livs lengste tresteghopp som personlege rekordar.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Søyland kom på tredjeplass i tikamp-NM i 1995, 1997 og 1998.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Lengdehopp: 7,35 m (1984)
  • Tresteghopp: 16,01 m (1984)
  • Tikamp: 6 427 poeng (1997)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]