Birgitta av Sverige og Hohenzollern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgitta
Princess Birgitta.jpg
Fødd19. januar 1937
Haga slott i Solna i Sverige
TittelPrinsesse av Sverige og Hohenzollern
Alle titlarPrinsesse av Sverige
Prinsesse av Hohenzollern
Fullt namnBirgitta Ingeborg Alice
Hus eller slektBernadotte
LandSverige
MorSibylla av Sverige
FarGustav Adolf av Sverige
EktefelleJohann Georg av Hohenzollern
BarnHubertus av Hohenzollern, Carl Christian av Hohenzollern, Désirée av Hohenzollern

Birgitta Ingeborg Alice (fødd 19. januar 1937 i Solna) er prinsesse av Sverige og Hohenzollern og dottera til prins Gustav Adolf av Sverige og prinsesse Sibylla av Sverige.[1]

Birgitta trulova seg med prins Johann Georg av Hohenzollern 15. desember 1960, og dei gifta seg borgerlig på Stockholms slott 25. mai 1961 og kyrkjeleg på slottet Sigmaringen 31. juli 1961.[1] Etter bryllaupet budde dei i München i Vest-Tyskland, men er i dag separert. Dei er framleis offisielt gift, men prinsesse Birgitta bur no på Mallorca i Spania.[1] Saman har dei barna prins Carl Christian av Hohenzollern, prinsesse Désirée av Hohenzollern og prins Hubertus av Hohenzollern.[2]

Ho er syster av kong Carl XVI Gustaf av Sverige, prinsesse Margaretha, fru Ambler, prinsesse Désirée, baronesse Silfverschiöld og prinsesse Christina, fru Magnuson, og er den einaste av sine tre systre som framleis er medlem av Det svenske kongehuset av di ho gifta seg med ein prins.[1]

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]

Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]

Prinsesse Birgitta av Sverige og Hohenzollern
Tiltale Høgvørde prinsesse
Omtale Den høgvørde prinsessa
  • 19. januar 1937–25. mai 1961: Den høgvørde prinsesse Birgitta Ingeborg Alice av Sverige
  • 25. mai 1961–idag: Den høgvørde prinsesse Birgitta Ingeborg Alice av Sverige og Hohenzollern

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Prinsessen fyller 75». Side2. 19. januar 2012. Henta 20. juni 2015. 
  2. «Birgitta – en färgstark prinsessa på vift» (svensk). Expressen. 28. desember 2014. Henta 20. juni 2015.