Birgitte Esmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Birgitte Elise Esmark (13. oktober 18412. april 1897) var ein norsk naturforskar frå Brevik, og elles sosialaktivist. Mineralogen Morten Thrane Esmark var far hennar og Jens Esmark farfaren.

Birgitte Esmark samla molluskar då ho i to år budde og pleia helsa på Madeira. I 1879 fekk, ho som fyrste norske kvinne, studiestipend til ei reise i Nordland og Finnmark. Onkelen Laurits Martin Esmark var zoolog og rektor ved Universitetet i Kristiania. Birgitte Esmark hadde ikkje fageksamen, men fekk likevel offentleggjord avhandlinga 'Norges land- og ferskvandsmollusker' internasjonalt.

Esmark og den rike Ida Wedel Jarlsberg fekk i Kristiania bygt ein heim der fattige kvinner kunne vere om sundagane og lære seg engelsk. Dei to starta i 1894 Unge Kvinners Kristelige Samfund med Ida Wedel Jarlsberg som leiar og Esmark som sekretær; seinare kalla Kristelig Forening for Unge Kvinner (KFUK). Frå 1889 var Esmark sekretær i det nystarta Norske Kvinders Totalavholdsselskap – Det Hvite Bånd, Ida Wedel Jarlsberg var leiar der òg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]