Bislama
| Bislama | ||
| Andre namn | Bichelamar | |
| Klassifisering | Kreolspråk Engelskbasert Stillehavet Bislama | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Bislamatalande i alt | 6 200 (2001)[1] | |
| Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1 | bi | |
| ISO 639-2 | bis | |
| ISO 639-3 | bis | |
| Wikipedia på bislama | ||
Bislama er eit kreolspråk som blir tala på Vanuatu og Ny-Caledonia. Det er et offisielt språk på Vanuatu saman med fransk og engelsk, og blir brukt som eit lingua franca på øygruppa.[1] Bislama er førstespråk for mange bybuarar i Port Vila og Luganville, og andrespråk for mange andre øybuarar. Størstedelen av ordforrådet i bislama kjem frå engelsk, med ein del andre ord frå vanuatiske språk og fransk. Syntaksen er derimot oseanisk.[2]
Namnet på språket er avleidd frå «Beach-la-Mar», ei nemning for sjøpølse. På 1840-talet blei språket nytta i samband med innhausting og tørking av sjøpølser og sanking av sandeltre. Det er også blitt kalla «Sandalwood English».[3]
Døme
[endre | endre wikiteksten]Den vanuatiske nasjonalsongen «Yumi, Yumi, Yumi» er på bislama.
| Dei to første versa av «Yumi, Yumi, Yumi». | |
|---|---|
|
Refreng: Yumi, Yumi, yumi i glad long talem se God i givim ples ya long yumi, (Refreng) Plante fasin blong bifo i stap, |
Engelsk omsetjing We (, We, We) are happy to proclaim God has given us this land; (CHORUS) We have many traditions |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Ethnologue
- ↑ Camden, William. 1979. «Parallels in structure and lexicon and syntax between New Hebrides Bislama and the South Santo language spoken at Tangoa». I Papers in Pidgin and Creole Linguistics, No.2. Pacific Linguistics, A-57. Canberra: Australian National University. s. 51–117. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Crowley, Terry (1990). Beach-la-Mar to to Bislama: The Emergence of a National Language in Vanuatu. Oxford Studies in Language Contact. Oxford: Clarendon Press. s. 422.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- Denne artikkelen bygger på «Bislama» frå Wikipedia på engelsk, og «Bislama» frå Wikipedia på bokmål den 21. desember 2012.