Lingua franca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lingua franca er latin for frankisk språk. Omgrepet blir i dag mest brukt om språk blir nytta som fellesspråk for ein større region med fleire innbyrdes uforståelege språk. Det opphavlege lingua franca var eit kunstig språk som vart nytta som handelsspråk i middelhavsområdet frå 1300-talet. Spor etter dette språket eksisterer framleis i dag.

Den opphavlege tydinga[endre | endre wikiteksten]

Lingua franca utvikla seg blant handelsmenn i middelhavsområdet som eit verktøy for å omgå språkbarrierar. I si eldste form var språket sterkt påverka av italienske dialektar. Fleire versjonar utvikla seg, blant anna ei portugisisk form som vart nytta på portugisiske skip og i koloniane.

I dag finn ein spor etter språket særleg i algirsk slang. Også i britisk engelsk finn ein enkelte ord frå lingua franca, då mange engelske sjømenn tenestegjorde på skip der språket vart nytta.

Tydinga 'fellesspråk'[endre | endre wikiteksten]

Funksjonen lingua franca hadde som handelsspråk, har ført til at ein også nyttar omgrepet om eit fellesspråk i ein region med fleire språkgrupper, spesielt i samband med uoffisielle språk. Ein finn til dømes hausa i Vest-Afrika, hindi i det meste av India og swahili i Aust-Afrika. Språkforma som vert nytta som lingua franca, skil seg ofte frå den som vert nytta som morsmål, da ho vert påverka av dei ulike morsmåla i regionen. Eit land sitt offisielle språk kan også fungere som lingua franca, men blir då gjerne kalla nettopp 'offisielt språk'. Dette er eit vanleg fenomen særleg i tidlegare koloniar, der kolonimakta sitt språk vert nytta i offentlege samanhengar, medan innbyggjarane ofte har andre morsmål.

I Europa har fleire språk gjort teneste som fellesspråk i dei øvre samfunnslaga. Spesielt har latin utmerka seg som akademisk og kyrkjeleg språk gjennom mange hundreår.

Konstruerte språk som esperanto, ido, interlingua og volapük har vore meint å skulle fylle ein funksjon som globalt fellesspråk.

I våre dagar blir engelsk rekna som verdas lingua franca.