IK Skeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skeid Fotball)
Gå til: navigering, søk

Idrettsklubben Skeid er eit idrettslag i Oslo. Laget vart stifta 1. januar 1915 som Kristiania Ballklubb, namnet Skeid vart teke i bruk i 1925 då Kristiania Ballklubb og idrettslaget Frem samla seg i eitt lag.

Skeid har gjort seg gjeldande i bandy, ishockey, orientering og skiidrett, men er mest kjend som fotballklubb.

Skeid vart seriemeister i fotball i 1966 og har vunne fotballcupen heile åtte gongar; 1947, 1954, 1955, 1956, 1958, 1963, 1965 og 1974.

Skeid-profilar[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjende Skeid-spelarane er Hans Nordahl, Harald Hennum, Finn Gundersen, Kjell Kaspersen, Finn Thorsen, Trygve Bornø, Tor Egil Johansen og Jan Birkelund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

store norske leksikon