Bitterbergknapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bitterbergknapp
Bitterbergknapp
Bitterbergknapp
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Saxifragales
Familie: Bergknappfamilien Crassulaceae
Underfamilie: Sempervivoideae
Stamme: Sedeae
Slekt: Bergknappslekta Sedum
Art: Bitterbergknapp S. acre
Vitskapleg namn
Sedum acre

Bitterbergknapp er ein fleirårig sukkulent plante i bergknappslekta i bergknappfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Som namnet peiker på har han ein bitter smak.

Nærbilde av blomen til bitterbergknapp.

Planten vert kring 5 cm høg. Han har krypande skot som er lysgrøne eller brungule. Stenglane er opprette og sideskota klubbeforma. Blada er litt kantete, elles eggrunde. Blomane har breie gule kronblad som er dobbelt så lange som begerblada.

Bitterbergknapp blomstrar kring juni månad på knausar, murar, strender og turr bakke. Planten stammar frå Europa, og veks gjennom heile Noreg. Han finst også som innført plante i Nord-Amerika og på New Zealand.

Planten blir brukt som prydplante, gjerne i steinbed. Han koloniserer også gjerne tørre mennesebygde område som vegkantar og murar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Biting Stonecrop», NatureGate
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bitterbergknapp