Sukkulent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike sukkulentar planta saman.

Sukkulentar (av latin succus, 'saftig') er plantar med utprega saftrike og tjukke stenglar eller blad. Dei har fleire metodar for å lagra vatn, og er særskilt tilpassa periodar med tørke. Slike plantar veks særleg i steppeområde, halvørken og ørken.

Sukkulentar er fleirårige, men blir aldri sterkt forveda. Cellevev som er rikt på vatn, dannar eut vassreservoar som planten kan bruka i tørketider. Dei fleste sukkulentar særmerker seg ved at spalteopningane deira er opne om natta og lukka om dagen. Dette gjer transpirasjonen og dermed vasstapet deira sterkt nedsett. Sukkulentar har også ei særskild form for fotosyntese. Gjennom dei opne spalteopningane tek dei opp karbondioksid om natta, og det blir danna mykje organisk syre (særleg eplesyre) i cellene. Når dei får lys avspaltar plantane så karbondioksiden frå syrene og assimilerar han på normal måte gjennom fotosyntese til sukker, stive og anna.

Sedum morganianum er ein bladsukkulent med runda, kjøtfulle blad.
Kaktus er stengelsukkulentar.

Ein deler gjerne sukkulentar inn i tre grupper:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sukkulenter» (12. mars 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]