Bjørkebåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Replika av bjørkebåten bygget ved Vikingskipsmuseet i Roskilde

Björkebåten fra Hille er ein gammal båt som vart funnen 1947 i Björke i Gävle kommune. Han er med 14C-prøver datert til ca. 400 e.Kr. Tidlegare vart han datert til mellom 100 og 200 e.Kr. og vart då rekna som den eldste båten i Sverige, og den eldste kjende båten samansett med jarnsaum i Norden. Bjørkebåten er 7,22 meter lang og 1,24 meter brei. Botnen består av ein uthola stokk av lind. Han er å betrakte som ein utspend stokkebåt, men sidene er oppbygde med eit bord på kvar side. Det øvste bordet, som er av fure, er festa med janspikar som er bøyde og klinka på innsida.

Bjørkebåten har hatt seks band på kvar side. Dette var greiner av gran. Dei har vorte sydde faste til borda. Då båten vart funnen låg det ein 67 kg rund stein plassert på ei bjørkebarkmatte inne i båten. Steinen var truleg brukt som ballast. Bjørkebåten manglar årehol og rokeipar, og har truleg vorte padla. Han er utstilt i Länsmuseet Gävleborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4