Bjørn Skogstad Aamo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Skogstad Aamo
Fødd 21. januar 1946
Oslo
Yrke samfunnsøkonom, politikar

Bjørn Skogstad Aamo (fødd 21. januar 1946) er ein norsk økonom og politikar frå Mandal.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aamo er av lensmannsgreina i Skogstad-ætta. Han blei formann i Arbeidarungdomslaget i Mandal i 1962 og fekk graden Cand.oceon. i 1964. Han var statssekretær i Finansdepartementet 1973–1979 og 1986–1989, og var tilsett ved Statsministerens kontor 1990–1993.

Frå 1981 til 1986 og i 1990 var Aamo direktør i Distriktenes Utbyggingsfond. Han blei direktør i det som då heitte Kredittilsynet, no Finanstilsynet, i 1993. Han hadde stillinga fram til 2011. Frå 2008 har han hatt stillinga som professor II ved Universitetet i Agder ved sida av stillinga i Finanstilsynet. [1] Skogstad Aamo fekk i 2011 stillinga som visepresident i OECD si gruppe mot kvitvasking av pengar (engelsk: Financial Action Task Force). [2]

Den 24. august 2011 vart Bjørn Skogstad Aamo utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden. [3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]