Bjørnevik på Bømlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørnevik er ein matrikkelgard i Bømlo kommune, med gardsnummer 3. Garden høyrde til Moster kommune fram til kommunesamanslåinga i 1963. Det er i dag (2007) om lag 20 fastbuande på staden. Garden har i dag sauedrift på hobbybasis. Bjørnevik grensar til gardane Børøy og Hidle.

Namnet Bjørnevik kjem truleg av holmen Bjørnøya, som ligg rett utanfor Bjørnevik. Det har aldri vore bjørn i området, øya skal ha fått namnet fordi forma likna ein bjørn.