Blåhornet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåhornet
fjell
Blaahornet II.JPG
Blåhornet sett frå Keipane. Skagedalsvatnet i framgrunnen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Stranda (Møre og Romsdal)
Høgd 1 667 moh.
Primærfaktor 165 m
Koordinatar 62°04′22″N 07°09′54″EKoordinatar: 62°04′22″N 07°09′54″E

Blåhornet i Geiranger er eit fjell i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1667 meter over havet og er det 900. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Fotturen til Blåhornet startar nede ved Geirangerfjorden ved garden Homlung. Ein går i skog i bratt lende forbi Homlungsætra og kjem opp i Skagedalen, som ein går inn etter så langt at ein kjem forbi Blåhornet på høgre sida. Siste stykket går ein i jamn stiging opp sørvestsida mot toppen.

Frå overgangen mellom Geiranger og Eidsdal ser ein toppen på Blåhornet stikke opp bakom fjellet Keipane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]