Hopp til innhald

Stranda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stranda kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Stranda
Areal 866 km²
   land 846 km²
   vatn 20 km²
Folketal 4 380  (1. januar 2025)
Målform nynorsk
Ordførar Einar Arve Nordang[1] (H) (2023)
Kommunenr. 1525
Kart
Stranda kommune
62°10′00″N 6°58′00″E / 62.166667°N 6.966667°E / 62.166667; 6.966667
Kart som viser Stranda kommune.
Kart som viser Stranda kommune.
Kart som viser Stranda kommune.
Wikimedia Commons: Stranda
Nettstad: www.stranda.kommune.no

Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3 400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på garden Sløgstad (òg kalla Slyngstad). Den første postadressa (namnet på postopneriet) var «Slyngstad» eller «Slyngstad i Stranden», frå 1876 berre kalla «Stranden», endra til «Stranda» i 1921.[2]

For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Stranda.

Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka.[3]

Næringsliv og utdanning

[endre | endre wikiteksten]

Stranda har to vidaregåande skular: Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.

Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.

Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, og alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruisehamna i Noreg med om lag 200 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700 000 turistar kvar sommar Geiranger.

Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet «Verdens vakraste fjord».[treng kjelde] Han står på UNESCO si verdsarvliste og mesteparten av Geirangerfjorden delområde av Vestnorsk fjordlandskap ligg innanfor Stranda kommune.

Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, mellom anna ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900:

1900[4] 1.12.1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[7][8] 1.1.1961[7][8] 1.1.1971[7] 1.1.1981[7] 1.1.1991[7] 1.1.2001[7] 1.1.2010[7]
3261 3101 3216 3911 4002 4474 4831 4825 4595 4656 4531

Kjende folk frå Stranda kommune

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Stranda kommune har fått ny ordførar og varaorførar»
  2. Torvik, Arne Inge (2000): Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del II: Samfunn og ferdsel. Utgitt av MRF, Molde.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. desember 2004, henta 19. januar 2005
  4. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Stranda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  8. 1 2 Folkemengd i Sunnylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]