Geirangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geirangerfjorden.
Foto: 2007
Bilete teke frå Ørnesvingen og utover fjorden. Fossen «Dei sju systre» bak i biletet.
Foto: 2006

Geirangerfjorden er ein fjord i Stranda kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Han er 15 kilometer lang og er ein arm av Sunnylvsfjorden og Storfjorden. Geirangerfjorden er den armen av Storfjorden som strekkjer seg lengst inn i fjordlandskapet. Største djupna i Geirangerfjorden er 233 m, tett vest for den fråflytta garden Syltavik. Ved fjordbotnen ligg bygda Geiranger.

Fjorden er eit av Noreg sine mest vitja turistmål, og vert halde for å vere særs vakker. 14. juli 2005 kom han med på UNESCO si verdsarvliste i lag med Nærøyfjorden i Sogn.

Det er venta at busetnaden ved Geirangerfjorden vil verte mykje skadd når bergsida over Åkerneset i Sunnylvsfjorden, ein gong i ei ukjent framtid, rasar ut i Sunnylvsfjorden. Raset vil føre til ein tsunami som vil treffe fleire bygder langs fjorden, som Geiranger og Hellesylt, på mindre enn ti minutt.[1][2][3]

Langs fjordsidene ligg fleire fråflytta gardar. Stiftinga «Storfjordens venner» har, over ei periode på vel tretti år, sørgd for at mange av desse har vorte (dels eller heilt) restaurerte. Dei oftast vitja av desse er Skageflå og Blomberg på sørsida av fjorden, og Knivsflå på nordsida. Skageflå kan ein nå til fots frå Geiranger, medan ein til dei to andre nyttar båt. Andre fråflytta gardar er Horvadrag, Megardsplassen og Matvika. Det er òg fleire flotte fossefall i fjorden, dei mest kjende er Dei sju systrene og Brudesløret.

Ei bilferje driven av Fjord1 går langs heile fjorden mellom Geiranger og Hellesylt.

Fossar[endre | endre wikiteksten]

Dei to mest kjende fossane i Geirangerfjorden er Knivsflåfossane, betre kjent som Dei sju systrene og Friaren. Dei to fossane ligg på kvar si side av fjorden, og det vert sagt at Friaren gjer kur til Dei sju systrene på andre sida.

Brudesløret er ein annan foss i fjorden.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 62°07′N 6°59′E