Blåtrøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Blåtrøye er ein mørkeblå ullgenser som er særs slitesterk og god mot væte. Blåtrøya har røter til 1800-talet, og er framleis i produksjon.

I Noreg vart produksjonen av blåtrøyer sett i gang av O.A.Devold i LangevågSunnmøre. På verdsutstillinga i London i 1851 hadde han sett maskinproduserte blå fiskartrøyer. Han reiste heim og starta produksjonen av liknande trøyer.

Blåtrøya vart strikka i tynt kamgarn og plattert med sjoddygarn. Sjoddy er resirkulert ull. Denne tråden har kortare fibrar, noko som motverkar toving. På same tid absorberer sjoddy fukt så ein ikkje kjenner seg våt. Under plattering vert det strikka med to trådar i gongen, slik at den eine dekkjer den andre. Blåtrøya skal produserast utan saumar. Den tradisjonelle blåtrøya, som har vore svært populær mellom fiskarar og andre sjøfolk, var ein heilt enkel genser. Stundom kunne logoen til reiarlaget vere plassert på brystet. Devold produserte og blåtrøyevariantar som bluseskjorte med krage, brystlommer og glidelås eller knappar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Annemor Sundbø: «Blåtrøyas lange liv». I Kysten nr 2 2009