Black Smoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Black Smoke»
Singel av Ann Sophie
frå albumet Silver Into Gold
Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 2. mars 2015
Sjanger Soul, pop og jazz
Lengd 3:12
Låtskrivar(ar) Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale

«Black Smoke» (Svart røyk) er ein singel av Ann Sophie, gjeven ut 2. mars 2015. 24. april 2015 vart singelen gjeven ut på albumet Silver Into Gold. Songen er skriven av Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale.[1] Ein liten del av songen vart lagt ut på Internett 27. februar 2015.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Unser Song für Österreich[endre | endre wikiteksten]

Ann Sophie framfører «Black Smoke» under Unser Song für Österreich

Ann Sophie vann ein klubbkonsert 19. februar 2015, og vart med som joker i Unser Song für Österreich, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[2] Ho framførde fyrst «Jump the Gun», og gjekk vidare til andre runde. Der fekk ho framføre «Black Smoke» på engelsk, og gjekk vidare til den siste runden der bidraget kjempa om sigeren mot «Heart of Stone» av Andreas Kümmert. «Heart of Stone» fekk 78,7 prosent av røystene og vann tevlinga, men Kümmert gav sigeren til «Black Smoke» og Ann Sophie under sigersintervjuet før han skulle framføre vinnarsongen på nytt. Programleiar Barbara Schöneberger utropte dimed «Black Smoke» som ny vinnar, og representant for Tyskland i Eurovision Song Contest 2015.

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

«Black Smoke»
20150520 ESC 2015 Ann Sophie 9069.jpg
Eurovision Song Contest 2015
Land Tyskland
Artist(ar) Ann Sophie Dürmeyer
Alias Ann Sophie
Språk Engelsk
Komponist(ar) Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale
Låtskrivar(ar) Michael Harwood, Ella McMahon og Tonino Speciale
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 0
Finaleplass 27
Tyskland i Eurovision Song Contest
«Is It Right»
(2014)
«Black Smoke»

«Black Smoke» var direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2015 av di Tyskland er ein del av Dei fem store. Bidraget enda på 27. og sisteplass utan poeng. Austerrike enda òg opp utan poeng, men enda berre på 26. plass av di bidraget «I Am Yours» vart framførd før «Black Smoke». Dette er det tredje tyske bidraget som har enda opp utan poeng.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Black Smoke» (engelsk). 4lyrics.eu. Henta 6. mars 2015. 
  2. «Ann Sophie joins German national final line-up» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 6. mars 2015.