Dei fem store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Dei fem store» (tidlegare: «Dei fire store») er ei nemning på dei fem landa, Tyskland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia. Tyskland, Frankrike, Spania og Storbritannia har sidan 2000 alltid vore kvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest, fordi dei er dei største bidragsytarane til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Dei har vore kjend som «dei fire store» på grunn av sin spesielle status. I 2011 kom Italia att til tevlinga for fyrste gong sidan 1997, og vart med i denne gruppa, som no heiter «dei fem store».

Tyskland vart det fyrste og førebels einaste av dei fem landa som har vunne tevlinga etter at denne gruppa vart til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]