Blanka Stajkow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blanka Stajkow

Fødd23. mai 1999 (24 år)
FødestadSzczecin
OpphavPolen
Aktiv2021–
Sjangerpop
Instrumentgitar
PlateselskapWarner Music Poland
Verka somsongar, modell, popsanger

Blanka Stajkow (fødd 23. mai 1999) er ein polsk songar og modell. Ho representerte Polen i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Solo».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stajkow blei fødd i Szczecin av ei polsk mor og ein bulgarsk far. Ifølgje Stajkow hadde ingen av foreldra noko form for musikalsk bakgrunn, men mora oppfordra ho til å drive med musikk og dans. Som trettenåring laga ho sin fyrste singel, «Strong Enough».[2]

I 2021 deltok Stajkow i det polske realityshowet Top Model, og undervegs i programmet gav ho ut sin fyrste offisielle singel, «Better».[3][4] Året etter signerte ho kontrakt med Warner Music Poland og gav ut sin andre singel, «Solo».[5] Med denne singelen melde ho seg på den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023, Tu bije serce Europy! Wybieramy hit na Eurowizję.[6] Under finalen 26. februar vann ho tevlinga etter å ha vore favoritt hos fagjuryen og nummer to i telefonavrøystinga. Gjennom sigeren fekk ho representere Polen i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[7][8] Der enda ho på ein 19. plass i finalen.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Washak, James (26. februar 2023). «Poland: Blanka to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 2. mars 2023. 
  2. «"Wszystko jest w rękach ludzi i Boga". 23-latka przed życiową szansą». plejadapl (på polsk). 23. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  3. «Ujeżdżaniejednorożca w „Top Model”, czułości ze Smolastym i Eurowizja. Kim jest Blanka?». www.glamour.pl (på polsk). Henta 25. april 2023. 
  4. «BLANKA, uczestniczka „Top Model”, przedstawia debiutancki singiel „BETTER” - NetFan.pl». NetFan.pl - Informacyjny Serwis Muzyczny (på polsk). Henta 2. mars 2023. 
  5. «Blankazaczyna "Solo". Kim jest 23-letnia piękność z Polski?». muzyka.interia.pl (på polsk). Henta 2. mars 2023. 
  6. «Polandreveals its Eurovision pre-selection lineup». eurovision.tv (på engelsk). 15. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  7. Hendryk, Tom (26. februar 2023). «BLANKAwins Poland's Tu bije serce Europy 2023 and will sing “Solo” at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). Henta 2. mars 2023. 
  8. «Blankawins Poland's Eurovision pre-selection with 'Solo'». eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  9. «Blanka». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.