Polen i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polen

Offisielt Polen

TVP
Uttakingar
Nasjonalt 12
Internt 12
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 24
Beste resultat
Semifinalen 6 (2016 og 2022)
Finalen 2 (1994)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2011)
Finalen 24 (2008)
Poeng
Semifinalane 1 204
Finalane 960
Totalt 2 164

Polen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 24 gongar. Polens fyrste deltaking enda med ein andreplass, ein av dei sterkaste debutane i Eurovision Song Contest si historie. Polen har enno ikkje vunne Eurovision Song Contest, og dei siste åra har resultata vore relativt svake. I perioden 2004-2011 kvalifiserte Polen seg til finalen berre éin gong, men frå 2014-2017 var Polen i finalen kvart einaste år. I 2016 kom Polen på tredjeplass i telefonrøystinga og enda på ein åttandeplass totalt. Det er det tredje beste resultatet til Polen, og det beste resultatet til Polen sidan 2003. I 2018 til 2021 vart Polen slått ut i semifinalen.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det er den polske allmennkringkastaren TVP som sender Eurovision Song Contest i Polen, og som vel det polske bidraget til Eurovision Song Contest. Som ein del av den såkalla austblokka, kom Polen fyrst inn i tevlinga etter Berlinmurens fall. I 1994 deltok Polen - saman med Russland, Romania og Ungarn - for fyrste gong i Eurovision Song Contest.

Debuten[endre | endre wikiteksten]

Det var landets store songstjerne Edyta Górniak som fekk oppgåva med å representere Polen for fyrste gong. Med balladen «To nie ja!» song ho Polen til ein sterk andreplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Polen i Eurovision Song Contest. Górniak var imidlertid nær ved å bli diskvalifisert etter at ho song halve songen på engelsk under generalprøva dagen før finalen. Dette var sendinga som juryane bedømde sine poeng frå, og seks av dei andre deltakarlanda la inn protest mot Polen. Reglane for tevlinga kravde imidlertid at minst halvparten av deltakarlanda, i dette tilfellet 13 land, måtte protestere for at EBU skulle behandle saken. Dimed fekk Polen deltake som planlagt, og Górniak enda på andreplass, bak Irland, som vann tevlinga for tredje år på rad.

Den solide vart etterfølgt av ein rekkje svake plasseringar, og i 2000 og 2002 måtte Polen stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2003 hamna Polen på ein sjuandeplass, som til nå er den nest beste plasseringa til Polen. Den gode plasseringa sikra også Polen ein direkte plass i finalen i 2004, men i åra 2005-2011 hadde Polen sin svakaste periode til nå. Berre éin av sju gongar klarte Polen å kvalifisere seg til finalen, og i finalen hamna Polen på nest sisteplass.

Fråvær og retur[endre | endre wikiteksten]

Mangelen på suksess gjorde at TVP beslutta å trekkje seg frå Eurovision Song Contest i 2012. Ei anna medverkande årsak var at TVP hadde store kostnadar i samband med produksjonen av tv-sendingane frå fotball-EM i Polen og Ukraina i 2012. Også året etter beslutta Polen å stå over Eurovision Song Contest.[2][3]

I 2014 var Polen tilbake igjen, og duoen Donatan og Cleo tok Polen tilbake til finalen for fyrste gong sidan 2008. Duoen vart nummer fem i telefonavrøystinga, blant anna med 12 poeng frå Noreg, Irland og Storbritannia.[4] Juryane hadde imidlertid det polske bidraget som nummer 23, og Polen enda samla sett på 14. plass av 26. I 2015 valde TVP artisten Monika Kuszyńska til å representere landet. Kuszyńska vart lam i beina etter ei bilulykke i 2006, og ho vart den fyrste deltakaren som satt i rullestol under framsyninga av eit Eurovision-bidrag.[5]

I 2016 vann Michał Szpak den polske finalen med songen «Color of Your Life», og også han kvalifiserte seg til finalen. Medan juryane plasserte Polen nest sist med berre 7 poeng, var tv-sjåarane rundt om i Europa av ei heilt anna oppfatning. I telefonavrøystinga vart Polen nummer tre, slik at Polen til slutt hamna på ein åttandeplass - den beste plasseringa til Polen på 13 år.[6]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1994 Edyta Górniak «To nie ja!» Polsk 166 2
1995 Justyna Steczkowska «Sama» Polsk 15 18
1996 Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech …» Polsk 31 15 42 15
1997 Anna Maria Jopek «Ale jestem» Polsk 54 11
1998 Sixteen «To takie proste» Polsk 19 17
1999 Mietek Szcześniak «Przytul mnie mocno» Engelsk 17 18
2001 Andrzej Piaseczny «2 Long» Engelsk 11 20
2003 Ich Troje «Keine Grenzen – Żadnych granic» Tysk, polsk og russisk 90 7
2004 Blue Café «Love Song» Engelsk og spansk 57 11 Topp 11 året før
2005 Ivan og Delfin «Czarna dziewczyna» Polsk og russisk Ikkje kvalifisert 81 11
2006 Ich Troje med Real McCoy «Follow My Heart» Engelsk, polsk, tysk, russisk og spansk 70 11
2007 The Jet Set «Time To Party» Engelsk 75 14
2008 Isis Gee «For Life» Engelsk 14 24 42 10
2009 Lidia Kopania «I Don't Wanna Leave» Engelsk Ikkje kvalifisert 43 12
2010 Marcin Mroziński «Legenda» Engelsk og polsk 44 13
2011 Magdalena Tul «Jestem» Polsk 18 19
2014 Donatan og Cleo «My Słowianie – We Are Slavic» Polsk og engelsk 62 14 70 8
2015 Monika Kuszyńska «In the Name of Love» Engelsk 10 23 57 8
2016 Michał Szpak «Color of Your Life» Engelsk 229 8 151 6
2017 Kasia Moś «Flashlight» Engelsk 64 22 119 9
2018 Gromee med Lukas Meijer «Light Me Up» Engelsk Ikkje kvalifisert 81 14
2019 Tulia «Fire of Love (Pali się)» Polsk og engelsk 120 11
2020 Alicja Szemplińska «Empires» Engelsk Tevling avlyst
2021 Rafał Brzozowski «The Ride» Engelsk Ikkje kvalifisert 35 14
2022 Krystian Ochman «River» Engelsk 151 12 198 6

Røystehistorikk (1994-2021)[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Polen har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Ukraina 132
2 Sverige 88
3 Noreg 79
4 Belgia 66
5 Tyskland 64

Polen har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Tyskland 68
2 Austerrike 48
3 Storbritannia 40
4 Frankrike 39
5 Irland 37

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Polen har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Australia 61
2 Finland 56
3 Slovenia 52
4 Ukraina 51
5 Noreg 50

Polen har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Tyskland 72
2 Irland 56
3 Storbritannia 52
4 Ukraina 49
5 Noreg 48

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Poland – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  2. Jarmo Siim (17. januar 2012). «43 countries represented at Eurovision 2012». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  3. Sanjay Jiandani (22. november 2012). «No return: Poland will not be in Malmö». esctoday.com. Henta 23. desember 2016. 
  4. «Full Split Results – Eurovision Song Contest 2014». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  5. «About Monika Kuszyńska». eurovision.tv. Henta 23. desember 2016. 
  6. «Aftermath 2016 (4): The televote success of Poland». ESCdaily.com. 25. mai 2016. Arkivert frå originalen 6. juli 2017. Henta 23. desember 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]