Blue Valentine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blue Valentine
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1978
Innspelt 24. juli-26. august 1978
Sjanger Blues-rock, viser
Lengd 49:09
Selskap Asylum
Produsent Bones Howe
Tom Waits-kronologi 
Foreign Affairs
(1977)
Blue Valentine Heartattack and Vine
(1980)


Blue Valentine er det sjette albumet til Tom Waits frå 1978Elektra Entertainment.

Waits gjorde nokre endringar på dette albumet i forhold til åra før. Han tilførte elektrisk gitar og elektrisk piano og hadde langt færre av balladane prega av piano og strykarar. I tillegg var albumet i mykje større grad bluesprega og ikkje så jazzaktig som dei tidlegare albuma.

Albumet opnar med ei utgåve av «Somewhere» frå West Side Story. «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» er ein typisk Waits-ballade der teksten, som opnar med «Charlie I'm pregnant...», er eit tenkt julekort frå ei prostituert dame i Minneapolis.

På baksida av plateomslaget kan ein sjå bilete Rickie Lee Jones på eit bilpanseret. Ho var kjæraste til Tom Waits på denne tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Somewhere (from West Side Story)» (musikk av Leonard Bernstein, tekstar av Stephen Sondheim) – 3:53
  2. «Red Shoes by the Drugstore» – 3:14
  3. «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» – 4:33
  4. «Romeo is Bleeding» – 4:52
  5. «$29.00» – 8:15
  6. «Wrong Side of the Road» – 5:14
  7. «Whistlin' Past the Graveyard» – 3:17
  8. «Kentucky Avenue» – 4:49
  9. «Sweet Little Bullet from a Pretty Blue Gun» – 5:36
  10. «Blue Valentines» – 5:49

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Vokal - Tom Waits
  • Elektrisk gitar - Tom Waits, Ray Crawford, Roland Bautista, «Shine» Robinson
  • Bass - Scott Edwards, Jim Hughart, Byron Miller
  • Piano - Da Willie Gonga (George Duke), Harold Battiste, Tom Waits
  • Orgel - Charles Kynard
  • Tenorsaksofon - Herbert Hardesty, Frank Vicari
  • Trommer - Rick Lawson, Earl Palmer, Chip White
  • Orkester - Bob Alcivar