Earl Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Earl Palmer
Earl Palmer.jpg
Fødd25. oktober 1924(1924-10-25)
FødestadNew Orleans, Louisiana i USA
Død19. september 2008 (83 år)
DødsstadBanning i California
FødenamnEarl Cyril Palmer
OpphavUSA
Aktiv1947–2008
SjangerR&B, rock, jazz
InstrumentTrommer
Tilknytte artistar
PlateselskapLiberty
Verka somStudiomusikar

Earl Cyril Palmer (25. oktober 192419. september 2008) var ein amerikansk rock-and-roll- og rhythm-and-blues-trommeslagar.[1] Han er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

Palmer spelte på mange innspelingar, mellom anna fleire av dei første albuma til Little Richard og mange andre kjende rock and roll-plater. I følgje eit minneord var «lista hans over artistar han har spelt med ei 'Kven er kven'-liste over amerikansk popmusikk dei siste 60 åra».[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Earl Palmer var fødd i New Orleans og voks opp i bydelen Tremé. Han byrja som steppar då han var fem år gammal og var med mora og tanta i det svarte vaudeville-miljøet og turnerte landet mykje med Ida Cox's Darktown Scandals Review. Faren skal ha vore den lokale pianisten og bandleiaren Walter «Fats» Pichon.[3]

Palmer tente i den amerikanske hæren under andre verdskrigen og var utstasjonert i Europa.[4]

Etter krigen studerte Palmer piano og perkusjon på Gruenwald School of Music i New Orleans, der han òg lærte å lese notar. Han byrja å spele trommer med Dave Bartholomew Band seint i 1940-åra.[3] Palmer spelte på mange innspelingar i New Orleans, som Fats Domino sin «The Fat Man» og «I'm Walkin» (og fleire andre av hittane til Domino), «Tipitina» av Professor Longhair, «Tutti Frutti» av Little Richard (og dei fleste av dei andre hittane til Richard), «Lawdy Miss Clawdy» av Lloyd Price og «I Hear You Knockin'» av Smiley Lewis.

På «The Fat Man» spelte han med eit etterslag som kom til å bli det viktigaste elementet i rock and roll. Palmer sa «Den songen kravde eit kraftig etterslag gjennom heile stykket. Med Dixieland hadde du berre eit kraftig etterslag etter du kom til det siste refrenget. Det var ei ny tilnærmingsmåte til rytmisk musikk.» Visstnok skal han ha vore den første til å bruke ordet funky til å forklare til andre musikarar at musikken deira burde vere meir synkopert og dansbar.[3]

Palmer forlet New Orleans og drog til Hollywood i 1957, og arbeidde først for Aladdin Records. Han byrja etter kort tid å spele med The Wrecking Crew, ei laus basert gruppe av studiomusikarar som spelte på mange innspelingar frå 1962 til 1968.

I meir enn 30 år spelte han trommer på musikken til mange filmar og fjernsynsshow. Blant artistane han arbeidde med var Frank Sinatra, Phil Spector, Ricky Nelson, Bobby Vee, Ray Charles, Sam Cooke, Eddie Cochran, Ritchie Valens, Bobby Day, Don and Dewey, Jan and Dean, Beach Boys, Larry Williams, Gene McDaniels, Bobby Darin, Neil Young, Pets og B. Bumble and the Stingers. Han spelte òg på jazzinnspelingar med David Axelrod, Dizzy Gillespie, Earl Bostic, Onzy Matthews og Count Basie, og bluesinnspelingar med B.B. King.

Han var framleis ein etterspurt trommeslagar i 1970- og 1980-åra, og spelte på album for Randy Newman, Tom Waits, Bonnie Raitt, Tim Buckley, Little Feat og Elvis Costello.[3]

I 2000 vart Palmer ein av dei første studiomusikarane som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Disskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Album
Singlar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 978-1904041702. 
  2. «Earl Palmer, 83, a Jazz Session Drummer, Dies». New York Times. Associated Press. 22 September 2008. s. B7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Perrone, Pierre (22 September 2008). «Earl Palmer Obituary». The Guardian. 
  4. Dahl, Bill. «Earl Palmer Biography». AllMusic. Rovi. Henta 19 February 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]