Hopp til innhald

George Duke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Duke

Fødd12. januar 1946
FødestadSan Rafael
Død5. august 2013 (67 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv19662013
Sjangerjazz, rock, eksperimentell rock, postbop
Instrumentpiano, tangentfjøl, vokal, klaviatur, synthesizer
Kjende instrumentMoog synthesizer
Tilknytte artistarAl Jarreau, Third World, Stevie Wonder, Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio, Frank Zappa, Cannonball Adderley
PlateselskapWarner Bros. Records, Atlantic Records, Elektra Records, Epic Records, Pacific Jazz Records
Verka sompianist, komponist, jazzmusikar, filmmusikkomponist, songar, musikkprodusent

George Duke (12. januar 19465. august 2013) var ein amerikansk musikar, kjend som keyboardpioner, låtskrivar, songar og produsent innan både jazz og pop. Han arbeidde med mange kjende artistar som arrangør, musikalsk leiar, låtskrivar og medlåtskrivar, produsent og som professor i musikk. Han vart først kjend med albumet The Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio. Han var hovudsakleg kjend for litt over 30 soloalbum og for samarbeidet med andre musikarar, særleg Frank Zappa.

Duke gjekk på Tamalpais High School i Mill Valley før han tok bachelor i trombone og komposisjon, i tillegg til grunnfag i kontrabass ved San Francisco Conservatory i 1967.[1] Han spelte opphavleg med vener frå garasjar til lokale klubbar og fann raskt vegen til studio som studiomusikar. Han tok seinare mastergrad i komposisjon ved San Francisco State University. Han var òg lærar i jazz og amerikansk kultur ved Merritt College i Oakland.[1]

Frå tidleg i 1967 byrja Duke å eksperimentere med jazzfusion, og spelte i lag med fiolinisten Jean-Luc Ponty, i tillegg til Don Ellis Orchestra og bandet til Cannonball Adderley, før han vart kjend med Frank Zappa.[2] Duke spelte på mange Zappa-album gjennom 1970-åra.

Duke var plateprodusent og komponist på to instrumentale spor på Miles Davis-album: «Backyard Ritual» (frå Tutu, 1986) og «Cobra» (frå Amandla, 1989). Han har òg arbeidd med mange kjende brasilianske musikarar, som songaren Milton Nascimento, perkusjonisten Airto Moreira og songaren Flora Purim. Sheila E var med på fleire av soloalbuma til Duke mot slutten av 1970-åra, Don't Let Go og Master of the Game.

Duke var stor innan R&B-sjangeren, og gav ut funky songar som «Reach for It» og «Dukey Stick». I 1979 reiste han til Rio de Janeiro, der han spelte inn albumet A Brazilian Love Affair, i lag med songarane Flora Purim og Milton Nascimento og perkusjonisten Airto Moreira. Albumet inneheld musikk med mange sjangrar, som latinjazz og anna jazz-aktige songar.

Duke arbeidde som musikalsk leiar ved fleire store musikkhendingar, som hyllestkonserten til Nelson Mandela ved Wembley Stadium i London i 1988. I 1989 erstatta han ei kort stund Marcus Miller som musikalsk leiar for kveldsshowet til NBC, Sunday Night.[3] Duke var òg dommar i den andre årlege Independent Music Awards som støtta sjølvstendige artistar.[4]

Duke arbeidde med Jill Scott på det tredje studioalbumet hennar, The Real Thing: Words and Sounds Vol. 3. Sommaren 2011 sette han saman ein trio med David Sanborn og Marcus Miller for ein turné i USA.

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Duke døydde 5. august 2013 i Los Angeles av leukemi. Han var 67 år gammal og hadde to søner, Rashid og John. Han er gravlagd vedForest Lawn Memorial Park.[5]

Songane til Duke har blitt nytta av mange andre artistar innan mange sjangrar. Av desse finn ein «I Love You More», sampla av house-bandet Daft Punk for hitten deira «Digital Love»; «Guilty», sampla av elektronica-artisten Mylo på songen «Guilty of Love» på Destroy Rock & Roll. «For Love», sampla av hiphop-artisten MF Doom på songen «I Hear Voices»; «Someday», sampla av hiphop-artisten Kanye West for Common på «Break My Heart» på hans Finding Forever; «You and Me», sampled og nytta av soul/rhythm and blues og hiphop-produsenten 9th Wonder for samlealbumet hans med Kaze for songen «Spirit Of '94» på albumet Spirit Of '94: Version 9.0; og «Reach for It», sampla av Ice Cube på «True to the Game» på hans Death Certificate. .

Duke vart nominert til ein Grammy for beste jazzsong for After Hours i 1999.[6] Duke vart stemt inn i The SoulMusic Hall Of Fame på SoulMusic.com i desember 2012.[7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Clarke og Duke på konsert.
TittelÅrSelskap
George Duke Quartet Presented by the Jazz Workshop 11966MPS,SABA
The Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio1969Pacific Jazz
Save the Country 21970Pickwick
Solus 31971MPS,SABA
The Inner Source (2-LP)1973MPS/BASF
Faces in Reflection1974MPS/BASF
Feel1974MPS/BASF
The Aura Will Prevail1974MPS/BASF
I Love the Blues, She Heard My Cry1975MPS/BASF
Liberated Fantasies1976MPS/BASF
The Billy Cobham – George Duke Band 'Live' on Tour in Europe1976Atlantic
The Dream 41976MPS/BASF
From Me to You1977Epic/CBS
Reach for It1977Epic/CBS
Don't Let Go1978Epic/CBS
Follow the Rainbow1979Epic/CBS
Master of the Game1979Epic/CBS
A Brazilian Love Affair1980Epic/CBS
Clarke/Duke Project1981Epic/CBS
Dream On1982Epic/CBS
Clarke/Duke Project 21983Epic/CBS
Guardian of the Light1983Epic/CBS
Rendezvous1984Epic/CBS
Thief in the Night1985Elektra
George Duke1986Elektra
Night After Night1989Elektra
Clarke/Duke Project 31990Epic/CBS
Snapshot1992Warner Bros.
Muir Woods Suite 51993Warner Bros.
Illusions1995Warner Bros.
Is Love Enough1997Warner Bros.
After Hours1998Warner Bros.
Cool2000Warner Bros.
Face the Music2002Bizarre Planet
Duke2005Bizarre Planet
In a Mellow Tone2006Bizarre Planet
Dukey Treats2008Heads Up
Déjà Vu2010Telarc Jazz
Dreamweaver2013Heads Up

1 Gjeve ut på ny som «The Primal» av MPS i 1978.
2 Gjeve ut på ny som «Pacific Jazz» av United Artists i 1978 med ei anna sporliste.
3 Solus vart innspelt i april 1971 og meint som eit enkelt album av SABA, men då SABA vart MPS, valde sjefane å utsetje utgjevinga. Dei gav ut albumet i 1976 som eit dobbeltalbum i lag med MPS-debutplata til Duke kalla The Inner Source. Sistnemnte vart spelt inn i oktober 1971.
4 Spelt inn i 1976 og gjeve ut i 1978 (berre Europa). Gjeve ut i USA (i ein litt anna versjon) som The 1976 Solo Keyboard Album av Epic/CBS i 1982.
5 Spelt inn i 1993 ved Montreaux jazz festival men utgjevinga vart utsett 1996.

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Al Jarreau

Med Frank Zappa og The Mothers of Invention

Med Third World

  • Lagos Jump (CBS 1983)
  • Try Jah Love (CBS 1982)

Med The Keynotes

  • Get On That Gospel Train (MPS, 1973)

Med Gene Ammons

Med Billy Cobham

  • Crosswinds (Atlantic, 1974)
  • B.C. (Columbia, 1979)
  • Picture This (GRP, 1987)

Med Eddie Henderson

Med Alphonse Mouzon

Med Airto Moreira

Med Flora Purim

  • Stories To Tell (Milestone Records, 1974)
  • Open Your Eyes, You Can Fly (Milestone Records, 1976)
  • That's What She Said (Milestone Records, 1978)
  • Carry On (Warner Bros, 1979)

Med Michael Jackson

Med Jean-Luc Ponty

Med Deniece Williams

  • Let's Hear It For the Boy (Columbia, 1984)
  • Love, Niecy Style (Shanachie, 2007)

Med Miles Davis

Med Dianne Reeves

Med John Scofield

Med Chanté Moore

Med Joe Sample

  • Sample This (Warner Bros, 1997)

Med Phil Collins

Med Regina Belle

Med Teena Marie

  1. 1 2 «George Duke biography». George Duke online. Henta 4. juni 2014.
  2. Artist Biography by Thom Jurek (12. januar 1946). «George Duke | Biography». AllMusic. Henta 4. juni 2014.
  3. "Sunday Night» episodes No.104 (1988), No.113 (1989), No.114 (1989), No.121 (1989)
  4. «Independent Music Awards». Independent Music Awards. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 4. juni 2014.
  5. «Jazz keyboardist George Duke dies at 67 - MSN Music News». Music.msn.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 4. juni 2014.
  6. «George Duke». answers.com. Henta 6 august 2013.
  7. «SoulMusic.com». SoulMusic.com. Arkivert frå originalen 11. januar 2013. Henta 4. juni 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]