Hopp til innhald

Blåpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåpetrell
Blåpetrell under ringmerking Foto: Bruno Navez
Blåpetrell under ringmerking
Foto: Bruno Navez
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Blåpetrell
Utbreiinga av Blåpetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Halobaena
Art: Blåpetrell H. caerulea
Vitskapleg namn
Halobaena caerulea

Blåpetrell, Halobaena caerulea, er ein liten petrell i stormfuglfamilien som lever pelagisk, sirkumpolart i Sørishavet, nær Antarktis. Blåpetrell er monotypisk i slekta Halobaena, og er ofte sett på som nærskyld kvalfuglar som dei liknar mykje.

Blåpetrellen har blågrå overside samt lys eller kvit underside. I flukt er ein mørk 'M'-forma figur over venger og rygg synleg, typisk for kvalfuglar. Til forskjell frå kvalfuglar har blåpetrell eit smalt, kvitt haleband, og nebbet er kort. Han er litt større enn kvalfuglane, ca. 29 cm i kroppslengd og 200 gram i masse.[1]

Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst krepsdyr, blekksprut og småfisk. Dei kan følgje skip og samle seg ved kvalar som beitar.[1]

Blåpetrellar hekkar på sub-antarktiske øyar i Indiahavet, Macquarie-øya (Australia) og Sør-Georgia.[2] Utanom hekkesesongen spreier dei seg i Sørishavet, mellom pakkisen og ca. 40° S.[1]

Verdspopulasjonen var estimert til minst 3 millionar individ i 2004, og er stabil.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]