Bob Baldori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Baldori
Fødd1943 (81 år)
AliasBoogie Bob
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, blues, boogie
Tilknytte artistarThe Woolies
Verka somMusikar, advokat

Bob Baldori (fødd 1943), òg kjend som «Boogie Bob», er ein amerikansk rock, blues og boogie-musikar og advokat. Han spelar gitar, piano, munnspel og piano.[1]

Baldori skipa rockebandet The Woolies i 1964 og gruppa fekk ein nasjonal hit i 1966 med Bo Diddley sin «Who Do You Love?». Han hadde òg ei lengre solokarriere og spelte i 1994 inn eit soloalbum. Han byrja å arbeide med Chuck Berry i 1966 og spelte på to album med han. Han har òg arbeidd og spelt med Muddy Waters, John Lee Hooker, Tom Rush, Luther Allison, Del Shannon, John Hammond, Hubert Sumlin og Bo Diddley og i nyare tid Bob Seeley.

Delvis diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Basic Rock - The Woolies, 1971
  • Live at Lizards - 1973
  • Who Do You Love - 1994
  • Boogie Stomp! - with Bob Seeley, 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bob Baldori | Credits». AllMusic. Henta 7. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]