Hubert Sumlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubert Sumlin
HubertSumlin2003.jpg
Verkeleg namn Hubert Charles Sumlin
Fødd 16. november 1931(1931-11-16)
Greenwood i Mississippi i USA
Død

4. desember 2011 (80 år)
Wayne, New Jersey, USA

Instrument Gitar, vokal
Sjanger Chicago blues, elektrisk blues[1]
Aktive år 1953–2011
Yrke Songar, gitarist
Tilknytte artistar Howlin' Wolf
Muddy Waters
Nettstad www.hubertsumlinblues.com
Kjende instrument
Gibson Les Paul Goldtop
Fender Stratocaster

Hubert Charles Sumlin (16. november 19314. desember 2011) var ein Chicago blues-gitarist og songar,[1] mest kjend for sine «fordreidde, rystande toneutbrot, brå cliffhanger-stillheiter og vågale rytmiske spaningar» som eit medlem i bandet til Howlin' Wolf sa.[2] Han vart rangert på 43. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sumlin byrja å spele på ein streng festa på eit kosteskaft, før han fekk seg ein skikkeleg gitar.[4] Han voks opp nær West Memphis i Arkansas, og spelte ei stund saman med munnspelspelaren James Cotton, før Howlin' Wolf spurte han om å bli med i bandet i Chicago i 1954. Sumlin gjekk gradene kveld etter kveld i bandet til Wolf, og vart etter kvart sjølvsikker nok til å gå frå rytmegitar til sologitar. Mot slutten av 1960-åra var Sumlin vorte ein viktig del av stilen til Wolf, på songar som «Wang Dang Doodle», «Shake for Me», «Hidden Charms» , «Three Hundred Pounds of Joy» og «Killing Floor».[4]

Sumlin spelte med Wolf fram til Wolf døydde i 1976. Sumlin hadde spelt inn eit par soloalbum før den tid, det første i 1964 i Aust-Berlin under ein turné i Europa. I seinare år song òg Sumlin på innspelingane sine. Renommeet han hadde som gitarist kom til syne i 2004 på albumet About Them Shoes, der gjestelista inkluderte Keith Richards, Eric Clapton, Levon Helm og David Johansen, og den gamle venen James Cotton.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Katalognummer Merknad
1964 American Folk Blues Amiga 850 043 Tyskland
1969 Hubert's «American» Blues! Scout Sc-4
1974 Kings of Chicago Blues, Vol. 2 Disques Vogue LDM 30175 Frankrike, innspelt 1971
1976 Groove Black & Blue 33.511 Frankrike, innspelt 1975
1980 Gamblin' Woman L + R 42.008 Tyskland, innspelt 1980
1987 Hubert Sumlin's Blues Party Black Top BT-1036 US
1989 Heart & Soul Blind Pig BP-3389 US
1990 Healing Feeling Black Top BT-1053 US
1991 Blues Guitar Boss JSP 239 UK, innspelt 1990 i London
1994 Made in Argentina 1993 Blues Special 9501 Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires med Emilion Villanueva and the Kansas City Boys
1994 I'm the Back Door Man Blues Special 9506 Argentina, innspelt 1993 i Buenos Aires
1994 My Gitar and Me Evidence Music ECD-26045 Paris, innspelt 22. desember 1975 i Barclay Studio
1996 Blues Classics Bellaphon 82007 Tyskland, innspelt 1964 i Aust-Berlin
1998 I Know You APO 2004 USA
1998 Wake Up Call Blues Planet 1116 USA
1999 Pinetop Perkins & Hubert Sumlin: Legends Telarc 83446 USA
2003 Doing the Don't Intuition 34252 Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin
2004 About Them Shoes Tone-Cool/Artemis Records 51609 USA
2010 Midnight Memphis Sun NorthernBlues Music NMB0058 JW-Jones-utgjeving med gjestene Hubert Sumlin og Charlie Musselwhite
2012 Sky Road Songs Yellowbird 7724-2 Tyskland; Elliott Sharp's Terraplane, med Hubert Sumlin som gjest (innspelt i 2011)

[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 1-904041-96-5. 
  2. Kitts, Jeff; Tolinski, Brad (2002). Gitar World Presents the 100 Greatest Gitarists of All Time. Hal Leonard. p. 37.
  3. «65: Hubert Sumlin». The 100 Greatest Gitarists of All Time. Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/lists/100-greatest-gitaristar-20111123/hubert-sumlin-19691231. Henta 1. juli 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Biografi på Allmusic
  5. Pete Hoppula. «Hubert Sumlin». WangDangDula.com. http://koti.mbnet.fi/wdd/hubertsumlin.htm. Henta January 21, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hubert Sumlin