Bob Geldof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Geldof
Geldof, Bob (IMF 2009).jpg
Fødd5. oktober 1951
FødestadDún Laoghaire
OpphavIrland
Aktiv1975–
Sjangerrock, pop
Instrumentvokal
PlateselskapPolydor Records
Verka somsinger-songwriter, skodespelar, songar, skribent, filmskodespelar
FarBob Geldof
Gift medPaula Yates
BornPeaches Geldof, Pixie Geldof
PrisarPeabody Award, Knight Commander of the Order of the British Empire, Nord-Sør-prisen, Steiger Award, The Nichols-Chancellor's Medal, Patron’s Medal, Amadeus Austrian Music Award

Robert Frederick «Bob» Geldof (fødd 5. oktober 1951) er ein irsk songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. I den første fasen av karrieren sin var han frontfigur i rockebandet Boomtown Rats, som er kjent for songen «I Don't Like Mondays». I 1982 spelte han hovudrolla i Pink Floyd-filmen The Wall. Han er elles mest kjend for å ha sett i gang Live Aid og Live 8.

I 1984 skreiv Geeldof og Midge Ure, hitsongen «Do They Know It's Christmas?», som blei kjend gjennom Band Aid og den seinare konserten Live Aid. Begge hadde til føremål å samla inn penger og gje internasjonal merkemd til svoltkatastrofen i Etiopia. Geldof stod i hovudsak for teksten, medan Ure skreiv musikken og stod for korarrangementene til songen.

Bob Geldof var gift med Paula Yates og hadde tre døtrer med henne: Fifi Trixibelle, Peaches og Pixie. Paula Yates forlét Geldof i 1994 og fekk dottera Tiger Lily i 1996. Då både mor og far hennar døydde, adopterte Geldof henne.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Boomtown Rats[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 The Boomtown Rats
  • 1978 A Tonic for the Troops
  • 1979 The Fine Art of Surfacing
  • 1981 Mondo Bongo
  • 1982 V Deep
  • 1985 In the Long Grass
  • 1994 Loudmouth – The Best of Bob Geldof & The Boomtown Rats (samlealbum med sanger både fra Geldof som soloartist og med Boomtown Rats)
  • 2003 The Best of the Boomtown Rats (samlealbum)

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 Deep in the Heart of Nowhere
  • 1990 The Vegetarians of Love
  • 1993 The Happy Club
  • 2001 Sex, Age & Death
  • 2005 Great Songs of Indifference: The Anthology 1986-2001 (samleboks med de fire første soloalbumene)
  • 2011 How to Compose Popular Songs That Will Sell

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1982 Pink Floyd: The Wall (hovudrolle - Pink, vokalist på «In the Flesh?», «In the Flesh» og «Stop»)
  • 1985 Number One - Harry «Flash» Gordon
  • 1997 Spiceworld - The Movie - (cameorolle som seg sjølv)
  • 2001 Being Mick - som seg selv
  • 2007 I am Bob (kortfilm) - som seg sjølv (han tapar ei Bob Geldof-look-alike-tevling sjølv om han framfører Boomtown Rats-hiten «I Don't Like Mondays».)
  • 2009 Oh My God - som seg sjølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]