Samlealbum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Russisk samlealbum frå 2004.

Samlealbum er musikkalbum som samlar ulike innspelingar. Dei kan vera av éin artist eller av fleire ulike, og kan innehalda spor som er utgjevne tidlegare eller som aldri har vore utgjevne. Samlinga kan ha ulike avgrensingar, som felles tema eller kjenneteikn, eit føremål for utgjevinga, ein stad eller eit tidsrom innspelingane blei gjort i, eller anna.

Det finst også eigne seriar for samlealbum, som Absolute Music, Now That's What I Call Music, Hit Machine og Grammy Nominees.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Nokre vanlege typar samlealbum er:

  • Hitsamlingar, ofte kalla Greatest hits, best of eller singles collection som samlar dei best kjende songane til ein artist eller gruppe. Ofte kan albuma innehalda ekstra, tidleagare uutgjevne spor som ein ekstra grunn til å kjøpa albumet.[1]
  • Andre samlingar knytt til enkeltartistar og -grupper, som B-sider, samlingar frå tidlegare utgjevne EP-ar og liknande, musikk laga til filmar eller radioopptak.
  • Samleboksar er typisk fleire plater i ein boks som kan dekkja heile karrieren til ein artist eller eit band eller store delar av eit plateselskap eller sjanger.
  • Tematiske samlingar, til dømes julemusikk, kjærleiksmusikk, musikk med eit særskild instrument eller frå eit særskild plateselskap.
  • Sjangersamlingar, musikk av ulike artistar frå ein særskild sjanger, som jazz, rock eller synthpop, eventuelt også etter andre kriterium som ein viss tidsperiode eller stad, same produsent eller anna.
  • Hitsamlingar av ulike artistar, der ein typisk samlar nye hittar, har vore ein populær albumtype sidan tidleg på 1970-talet. Opphavleg gav ein ut einsidie LP-ar med rundt 10-12 spor. På 1980-talet blei LP-ar med 6-8 spor på kvar side vanlege. Etter at CD-ar blei utbreidde kunne ein gje ut samlingar på ein eller fleire plater med ulike tal spor.[2]
  • Promosjonsalbum eller sampler er promosjonsmateriale for artistar og/eller plateselskap, eller dei kan gjevast ut som reklame for eit heilt anna selskap.

Slike album er typisk gratis eller svært billige for forbrukaren. Elektra Records gav ut det første slike albumet på 1950-talet.

Andre samlealbum kan vera retta direkte mot andre profesjonelle i musikkbransjen, som tilsette i radio- eller fjernsynsstasjonar, dataspelutviklarar og anna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]