Bodordshella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodordshella
stad
Bodordshella på Sætre på Vartdal
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Postnummer 6170 Vartdal
Gardnummer 99
Kart
Bodordshella
62°18′07″N 6°05′39″E / 62.3019773932°N 6.0941051629°E / 62.3019773932; 6.0941051629

Bodordshella er eit freda kulturminne på garden SætreVartdal i Ørsta kommune. Ho vert og nemnd Sætre-hella

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hella, som står like ved fylkesveg 5906, er omlag 2,95 m lang, 1,7 m høg og 0,15 - 0,30 m tjukk. Ho kviler mot eit støypt fundament. På sida som no vender mot vegen, er det innhogge ei innskrift. Innskrifta har form av heile og halve sirklar. Den ytste sirkelen er 1,3 m i diameter Der finn vi og ein solglorie med bokstavane JHS, årstala 1599 og 1791, i tillegg til teksta Gnud-Endre-Søn.

Soge og tyding[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonen seier at Knut Endresen Sætre flytte hella heim til klyngjetunet på Sætre på 1500-talet. Det heitest og at det var han som stod bak innskrifta. Etter utskiftinga på Sætre i 1863 var hella flytta til Pegarden, der ho no er. Innskrifta har i dag vorte utydeleg, og er uråd å lesa. Men medan det var høve til det vart skrifta avfotografert. Dei ti bodorda er innhoggde inne i sirklane. IHs-monogramet, som vert tolka som Iesus Hominum Salvator (Jesus, frelsar for menneska), namnet på opphavsmannen og årstala er innhogde med ein annan teknikk, truleg på 1700-talet. Hella vart reist der ho no står, av Vartdal Ungdomslag, i 1928.

Bilete av Bodordshella[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bodordshella i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren