Bogusław Mamiński

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bogusław Mamiński


Statsborgarskap Polen
Fødd 18. desember 1955 (68 år)
Kamień Pomorski
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Bogusław Mamiński (fødd 18. desember 1955) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar som var ein av verdas beste hinderløpar i tida 1980-84.

Mamiński vart nummer 7 på 3 000 meter hinder under Sommar-OL 1980, landsmannen Bronisław Malinowski vart olympisk meister på distansen. I EM i friidrett 1982 tapte Mamiński sluttspurten mot vesttyske Patriz Ilg. Ved prisutdelinga stilte Ilg seg ved sidan av Mamiński på andre trinn på sigerspallen, det øvste trinnet stod tomt til ære for førnemnde Malinowski som omkom i ei ulukke hausten føreåt. I finaleløpet ved VM i friidrett 1983 i Helsinki låg tre løparar åleine i tet på sisterunda. Henry Marsh frå USA, som leia føre Ilg og Mamiński etter siste vassgrava var passert, fall ved siste hinderet. Ilg spurta då ifrå, medan Mamiński måtte svinge unna Marsh og enda opp med sølv. Sommaren 1984 sette franske Joseph Mahmoud europarekord på 8.07,62 ved eit stemne i Brussel, Mamiński på andreplass presterte livsbeste 8.09,18. Dei neste sesongane heldt ikkje Mamiński lenger same høge nivå. Ein åttandeplass i Sommar-OL 1988 vart hans beste prestasjon.

Mamiński var polsk mester i hinderløping i 1979, 1985, 1992 og 1993. Åra 1983 og 1987 vart han polsk meister på 5000 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]