Graut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gut som et graut. Måleri av William Hemsley.

Graut er ulike halvfaste eller tjuktflytande matrettar som er laga ved å koka anten kornprodukt som mjøl eller gryn, eller visse typar frukt, i væske. Graut kan kokast i gryte, steikeomn eller i mikrobølgeomn. Graut er ei god (og som oftast rimeleg) kjelde til karbohydrat, samstundes som han er skånsam mot magen og ikkje treng tyggast. Difor blir graut ofte brukt som sjukediett.

Ordet «graut» kjem frå norrønt grautr, og har samband med grjot (stein) og gryte.[1] Ulike typar graut kan ha namn etter det ein oppfattar som den viktigaste ingrediensen, som havregraut, risgraut, rømmegraut, sviskegraut eller vassgraut.

Graut er vanleg kost i mange norske heimar, både som frukost og som middagsmat. Havregraut er gjerne ein enkel og fiberrik frukostrett. Rømmegraut (rømme, mjøl og mjølk kokt i hop) har lang tradisjon som festmat, til dømes til 17. mai og jonsok. Risgraut (risgryn kokt med mjølk og vatn) er den klassiske julaftanslunsjen mange stader i landet, og tradisjonell laurdagsmiddag mange stader i Noreg.

Graut og flatbrød var dei to rettane som var historisk kvardagsmat i Noreg. Til kvardags vart grauten i dei fleste heimar koka på vatn (vassgraut). Vassgraut vart rekna som skral kost i høve til graut koka på mjølk. Det var ikkje uvanleg at tenestefolk måtte eta vassgraut, medan sjølfolket åt graut koka på mjølk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Graut
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.