Bokverket Strilesoga
Strilesoga er eit historieverk eller eit bokverk i til saman fem band, utgjeve i tidsrommet 1996 til 2001. Målsettinga til strilesoga er å fortelja soga eller historia til strilane.
Fyrsteamanuensis John Ragnar Myking, fylkesarkivar i Hordaland fylke Egil Nysæter og professor Ingvild Øye var med i redaksjonen for Strilesoga. Egil Ertesvaag var med i redaksjonen fram til 1995.
- 1. "Frå steinalder til vikingtid" (1996), forfattar Svein Indrelid, biletredaktør Ronny B. Skaar. ISBN 82-514-0480-0
- 2. "Frå vikingtid til 1650" (1997), forfattar Jarle Sulebust, biletredaktør Ronny B. Skaar og Elin K. Stoveland. ISBN 82-514-0520-3
- 3. "Frå 1650 til 1800" (1998), forfattar Atle Døssland, biletredaktør Tine Eikehaug. ISBN 82-514-0544-0
- 4. "Frå 1800 til 1914" (1999), forfattar Karl Egil Johansen og Atle Døssland, biletredaktør Tine Eikehaug. ISBN 82-514-0554-8
- 5. "Frå 1914 til i dag" (2001), forfattar Egil Ertresvaag, biletredaktør Anne Aune. ISBN 82-514-0600-5
Soga om strilesoga
[endre | endre wikiteksten]Nord- og Midhordland sogelag gjorde i 1985 framlegg om eit samla historieverk for området. På Strilelandet var det ei nyvekt interesse for eiga historie og eigen kultur. Sogelaget sette ned ei nemnd som i 1987 la fram ein plan for verket som grunnlag for søknader om tilskot. Stiftinga Regionsoga for Nord- og Midhordland vart etablertt i 1991 etter at det økonomiske grunnlaget var nokolunde sikra. I 1992 kunne dei første forfattarane ta til med arbeidet.