Hopp til innhald

Svein Indrelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Indrelid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1943 (81 år)
Aurland kommune
Yrke arkeolog, professor

Svein Oddvar Indrelid (fødd 24. desember 1943) er ein norsk arkeolog fødd i Aurland. Han har magistergrad i nordisk arkeologi frå 1971, vart dr.philos. i 1986, og tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og ved Bergen Museum. Han tok del i Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning med arkeologiske utgravingar på Hardangervidda utover på 1970-talet og framover, med utgravingar på Sumtangen i Finsbergvatnet, og var prosjektleiar for prosjektet Reinsdyr og reinsdyrfangst på Hardangervidda i jernalder og middelalder.

I dei seinare åra har Svein Indrelid òg arbeidd med utgravingar i Russland i samarbeid med arkeologen og geologen John Inge Svendsen.[1]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  1. Pavel Pavlov; John Inge Svendsen; Svein Indrelid (6.9.2001). «Human presence in the European Arctic nearly 40,000 years ago». Nature: 413:64-67. doi:10.1038/35092552.  Sjå òg The ice man cometh early i Nature

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]