Stril

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strilar frå Fjell kommune, truleg på 1930-talet.
Bryllaupsbåt på Strilelandet, Holsnøy, truleg på 1920-talet.

Stril er ei mykje brukt nemning på folket som bur på Strilelandet, det vil seie dei nordvestlege kyststroka av Hordaland fylke. Historieverket «Strilesoga» definerer området til å omfatta Nordhordland og Midhordland utanom det gamle bysenteret i Bergen kommune. «Strilesoga» tek for seg desse kommunane etter kommuneinndelinga pr. 2001: Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Austrheim, Radøy, Meland, Askøy, Bergen, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Lindås, Masfjorden og Modalen.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet stril [1] kan ha samanheng med landskapet der strilen budde – «strelete» tyder stripete og kan visa til dei lange, smale dalane som går nordvest-søraust i Nordhordland [2]. «Stril» kan og komme av «stridig», strilebøndene nekta m.a. å betale ekstraskatt til futen i 1765 og sto då bak opprøret som seinare fekk namnet «Strilekrigen».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utdrag frå boka Sjur Gabriel

Omgrepet «stril» er gamalt, den første vi kjenner med dette tilnamnet er Steingrim Stryl, ein av dei aller fremste stormennene som gjorde 13 år gamle Håkon Håkonsson til konge på GulatingetBergenhus i 1217:

«Tinget vart halde på Seljemannadag (8. juli), tett nordom Kristkyrkja på Holmen, og etterpå bar dei ut skrinet til den heilage Sunniva og mange andre heilagdommar. Då stod Sigurd av Onarheim opp på vegner av alle Gulating-mennene og helsa kongen vel med mange fagre ord. Deretter talte Dagfinn Bonde og sa ... (dei) skulle visa kong Håkon all den æra dei kunne, både lærde og lekmenn.

Etter dette reiste ein mann seg opp som heitte Steingrim Stryl, ein veltalande og klok mann, han gav Håkon kongsnamn, og dei aller fleste tingmennene takka han for det verket. Sidan sa kongen fram ein eid der han slo fast at han skulle halda lovene i landet.» [3]

Johan Welhaven skreiv i 1842:

«Der er et Folkefærd, som hedder Striler. De beboe et Stykke af Bergens Stift, der kaldes Strilelandet. Denne Angivelse er næsten lige saa usikker og løs som Bestemmelsen af de germaniske Stammer hos Tacitus; men det er ogsaa vanskeligt at komme Tingen nærmere. Der er noget Gaadefuldt ved Strilenavnet. Snart vil man have det udstrakt over den hele Vestkyst lige til Stat, og snart indskrænkes det til Bergens Omegn; men i begge Tilfælde har det hos alle Fortællere en egen Klang. Tydske Forfattere glemme sjelden Strilerne, naar de tale om det høie Norden. Gamle Hübner, der ved Besked om Alt, sætter dem i sin Geographi med udmærkede Typer, og beretter, at de have ligesom Vosserne en Dragt, der adskiller dem fra alle Andre. Med Alt dette ved man endnu ikke Grændserne for denne mærkelige Nation. I Bergen troer man helst, at den indskrænker sig til Hordeland; men hvad skal man da tænke om det almindelige østlandske Sagn, hvorefter den hele Strileslægt er et Indbegreb af 99 Arter!» [4]

Nemninga «stril» blei i langt tid brukt i negativ og til dels nedsetjande meining, til å skildra bønder og fiskarar i det nære opplandet til Bergen by. Byfolket og landsfolket var gjensidig avhengige av kvarandre, men særleg tenestefolk og barn i byen kunne bruka mykje krefter på å håna strilen. Ein del strilar var likevel stolte over bygdene og folket, og det følgande sitatet kan tyda på at det føregjekk ei betring på dette området under den nasjonale vekkingstida på slutten av 1800-talet:

Strilelandet ligg mellom dei to gule grensene. Dette er om vi avgrensar strilen etter kor langt det er muleg å ro på ein dag. Den svarte yttergrensa omfattar vidare distrikta Nordhordland, Midthordland, Tysnes og Eivindvik.

«Fyst lyt eg segja at det inkje er myket korkje med Lesnad elder Skriving her hjaa oss, for slikt Arbeid løner seg so litet; me finna at det løner seg betre fyre oss at driva paa med Laksefiske og annat Fiske, med Fehandel og Bygningsarbeid. Og naar me ero heime, pusla me med Jordarbeidet og vøla Gardarne vaare, slagtar Fe og fører Kjøtet til Byen, barkar Huder og Laksenøter og meir slikt. Strilen er vel kjend fyr aa vera arbeidsam og onnug, det finnst knapt flittigare Folk til en Strilebønderne; lat dei so lasta oss fyre det kveim som vil, me tykst staa oss best paa det. Desse nye Skularne, som Folkehøgskular, Amtsskular, Kveldskular hava helder inkje vilja trivast vidare til dessa.

Her fyre Jol var det einkvan som vasla og snakka um at dei inne i Hovudstaden hadde teket paa med eit nytt Blad paa Bondemaal; eg fekk slik ein brennande Hug paa aa hava Fat i detta Bladet, at jamen foor eg mest eins Ærend til Byen til aa spyrja etter, og kor det no gjekk helder inkje, so var eg so heppen at ein Kjellarmann styrde meg inn til Ein dei kalla "Maalstrævaren" og han gav meg baade "Fedraheimen" og fleire Blad, og dei er paa Strilemaal mest alle ihop.»[5]

Frå utgruppe til etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Stril Server (2014), Simon Møkster Shipping.

Ein måte å avgrensa strilane på har vore «dei som kan ro inn til Bergen i løpet av ein dag». Strilane rodde inn til fisketorget i Bergen for å selja fisk og andre varer. Slik skaffa dei seg pengar til å kjøpa nødvendige varer i byen.

Strilane var rekna for å vera annleis enn byfolk. Ein typisk stril kunne peikast ut på kleda og på talemålet strilamål, som klart skilde og skil seg frå bergensk. Urtypen av stril var sagt å vera liten av vekst, tettvaksen og med svært lange armar. Armlengda kom av all roinga. Av strilar fanst typar som «havstril»[6] , «søtmjølkestril», «bygningsstril»[7] og «fjordstril». Kategoriseringa kom av kva strilane dreiv med, og kvar dei budde. Skjellsordet «slostril» er eit seinare påfunn.

Strilane er framleis eit folk som bur ved kysten, men nemninga «stril» blir stadig sjeldnare brukt til å verkeleg håna nokon. Dette sjølv om strilamålet framleis har svært låg status blant ungdom i og rundt Bergen. No er «stril» mest ein nøytral måte å omtala dei som bur på Strilelandet, dei har begynt å bruka namnet om seg sjølve, og for nokre har også ordet fått ein ekstra positiv klang. Eit eksempel er reiarlaget Simon Møkster Shipping i Stavanger, som har døpt ei heil rekke supplybåtar med namn som begynner med «Stril».[8] Møkster fortalde at for han har nemninga stril alltid stått for kvalitet og hardt arbeid. [9]

Lokalavisa Strilen starta opp i 1961, og leverer nyhende frå mykje av Strilelandet, særleg Nordhordland.

Frå 1984 til 1995 samarbeida bergensartisten Ove Thue med Ivar Medaas om å laga musikk og underhaldning for både byfolk og strilar.[10] Musikken og tekstane blei lagt merke til mykje vidare enn berre Strilelandet, og ein ny toleranse breidde seg blant den vaksne delen av byfolket.

I dag har strilane fått selskap av mange nye naboar, og dette har også endra noko på identiteten. Forfattaren Jan Spurkeland seier det slik :

Betre kommunikasjonar med Bergen, samt at strilalandet dei siste åra er blitt «invadert» av utflytta bergensarar, har ført til at både språket og kulturen er blitt utvatna.[11]

Kjende strilar[endre | endre wikiteksten]

Kjende strilar som brukar eller har brukt strilamålet:

Andre kjende strilar:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
Bilete
Nettstader