Bonapartistar
Bonapartistar var ei politisk rørsle som hadde som mål å gjenoppretta keisardømet til Huset Bonaparte i Frankrike.[1] Huset Bonaparte stamma frå Napoléon Bonaparte og syskena hans.[1]
Under restaurasjonstida hadde rørsla særleg tilhengjarar blant offiserar og underoffiserar som var blitt avskjediga etter at Napoleon Bonaparte fall. Ho blei særleg populær gjennom dei talrike erindringane frå napoleonstida som byrja å koma ut frå rundt 1820. I 1840 blei liket til Napoleon ført tilbake til Frankrike.[1] Etter februarrevolusjonen i 1848 blei Charles Louis Napoléon Bonaparte den første presidenten i landet. Han erklærte seg sjølv keisar i 1852 under namnet Napoleon III.
Etter at Napoleon III fall i 1870 fanst det framleis eit bonapartistisk parti som var leia av politikaren Eugène Rouher. Etter at den såkalla «keisarprinsen» Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte, også kalla Napoleon IV, døydde i krig i 1879, blei bonapartistane splitta i ei radikal gruppe, som heldt med prins Napoleon IV, og ei konservativ, som heldt med far hans, prins Victor. Dei stamma frå yngstebroren til Napoleon, Jérôme Bonaparte. I 1880-åra samarbeidde bonapartistane med krigsminister Georges Boulanger fram til han fall i 1889.[1]
Bonapartist-pretendentar sidan 1814
[endre | endre wikiteksten]Dei som herska er merkte med asterisk.
Pretendent | Portrett | Fødd | Gift med | Død |
---|---|---|---|---|
Napoleon I* 1814–1815 |
15. august 1769, Ajaccio Son av Carlo Buonaparte og Letizia Ramolino |
Joséphine de Beauharnais 9. mars 1796 No children Marie Louise, hertuginne av Parma 11. mars 1810 1 barn |
5. mai 1821 Longwood på Saint Helena 51 år gammal | |
Napoleon II* 1815–1832 |
20. mars1811, Paris Son av Napoleon I og Marie Louise, hertuginne av Parma |
Aldri gift | 22. juli 1832 Wien 21 år gammal | |
Joseph Bonaparte (Joseph I) 1832–1844 |
7. januar 1768, Corte Son av Carlo Buonaparte og Letizia Ramolino |
Julie Clary 1. august 1794 2 barn |
28. juli 1844 Firenze 76 år gammal | |
Louis Bonaparte (Louis I) 1844–1846 |
2. september 1778, Ajaccio Son av Carlo Buonaparte og Letizia Ramolino |
Hortense de Beauharnais 4. januar 1802 3 barn |
25. juli 1846 Livorno 67 år gammal | |
Napoleon III* 1846–1873 President av Frankrike (1848–1852) Keisar av franskmenn(1852–1870) |
20. april 1808, Paris Son av Louis Bonaparte og Hortense de Beauharnais |
Eugénie de Montijo 30. januar 1853 1 barn |
9. januar 1873 Chislehurst 64 år gammal | |
Napoléon, Prince Imperial (Napoléon IV) 1873–1879 |
16. mars 1856, Paris Son av Napoleon III og Eugénie de Montijo |
Aldri gift | 1. juni 1879 Zuluriket 23 år gammal | |
Victor, Prince Napoléon (Napoléon V) 1879–1926 |
18. juli 1862, Palais-Royal Son av Prince Napoléon Bonaparte og Princess Maria Clotilde av Savoy |
Princess Clémentine av Belgia 10/14. november 1910 2 barn |
3. mai 1926 Brussel 63 år gammal | |
Louis, Prince Napoléon (Napoléon VI) 1926–1997 |
23. januar 1914, Brussel Son av Victor, Prince Napoléon og prinsesse Clémentine av Belgia |
Alix, Princess Napoléon 16. august 1949 4 barn |
3. mai 1997 Prangins 83 år gammal | |
Charles, Prince Napoléon (Napoléon VII) 1997–no (omstridd) |
19. oktober 1950, Boulogne-Billancourt Son av Louis, Prince Napoléon og Alix, prinsesse Napoléon |
Prinsesse Béatrice av Bourbon-Dei to Sicilia 19. desember 1978 2 barn Jeanne-Françoise Valliccioni 28. september 1996 1 barn (adoptert) |
||
Jean-Christophe, Prince Napoléon (Napoléon VIII) 1997–no (omstridd) |
11. juli 1986, Saint-Raphaël, Var Son av Charles, Prince Napoléon og prinsesse Béatrice av Bourbon-Dei to Sicilia |
Ugift |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bonapartister». Store norske leksikon. 21. september 2018.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bonapartism» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2019.