Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte
Prince impérial 1878 3.jpg
Fødd16. mars 1856
Paris
Død1. juni 1879
Sør-Afrika
Hus eller slektHuset Bonaparte
GravstadTomb of Napoleon Prince Imperial
LandFrankrike
MorEugénie de Montijo
FarNapoleon III av Frankrike

Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte, eller Louis-Napoléon Bonaparte, nokre gonger omtalt som Napoleon IV (16. mars 18561. juni 1879), var sonen til Napoleon III og Eugénie av Frankrike. Han var kronprins då far hans var keisar av Frankrike.

Napoléon Eugène Louis Jean Joseph Bonaparte var fødd i Paris i 1856. Etter av far hans blei avsett i 1870, reiste han med familien sin til England. Bonaparte var elev ved krigsskulen i Woolwich, men han verker ikkje å ha utmerka seg innan krigføring.

Etter at faren døydde i januar 1873 blei han utropt til Napoleon IV, fransk keisar, av bonapartistane, men blei aldri meir enn tronpretendent.

Seinare i livet utførte han fleire reiser til Sveits, Italia, Danmark, Sverige og Noreg. I februar 1879 reiste han til Sør-Afrika og kjempa på britisk side under zulukrigen. Han blei drepen under eit rekognoseringsoppdrag nær Ulundi. Louis-Napoléon Bonaparte er gravlagd i Farnborough.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]