Bonapartistar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keisarskjolde til Bonaparte

Bonapartistar var ei politisk rørsle som hadde som mål å gjenoppretta keisardømet til Huset Bonaparte i Frankrike.[1] Huset Bonaparte stamma frå Napoléon Bonaparte og syskena hans.[1]

Under restaurasjonstida hadde rørsla særleg tilhengjarar blant offiserar og underoffiserar som var blitt avskjediga etter at Napoleon Bonaparte fall. Ho blei særleg populær gjennom dei talrike erindringane frå napoleonstida som byrja å koma ut frå rundt 1820. I 1840 blei liket til Napoleon ført tilbake til Frankrike.[1] Etter februarrevolusjonen i 1848 blei Charles Louis Napoléon Bonaparte den første presidenten i landet. Han erklærte seg sjølv keisar i 1852 under namnet Napoleon III.

Etter at Napoleon III fall i 1870 fanst det framleis eit bonapartistisk parti som var leia av politikaren Eugène Rouher. Etter at den såkalla «keisarprinsen» Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte, også kalla Napoleon IV, døydde i krig i 1879, blei bonapartistane splitta i ei radikal gruppe, som heldt med prins Napoleon IV, og ei konservativ, som heldt med far hans, prins Victor. Dei stamma frå yngstebroren til Napoleon, Jérôme Bonaparte. I 1880-åra samarbeidde bonapartistane med krigsminister Georges Boulanger fram til han fall i 1889.[1]

Bonapartist-pretendentar sidan 1814[endre | endre wikiteksten]

Dei som herska er merkte med asterisk.

Pretendent Portrett Fødd Gift med Død
Napoleon I*
1814–1815
Jacques-Louis David - The Emperor Napoleon in His Study at the Tuileries - Google Art Project.jpg 15. august 1769, Ajaccio
Son av Carlo Buonaparte
og Letizia Ramolino
Joséphine de Beauharnais
9. mars 1796
No children
Marie Louise, hertuginne av Parma
11. mars 1810
1 barn
5. mai 1821
Longwood på Saint Helena
51 år gammal
Napoleon II*
1815–1832
80 Napoleon II.jpg 20. mars1811, Paris
Son av Napoleon I
og Marie Louise, hertuginne av Parma
Aldri gift 22. juli 1832
Wien
21 år gammal
Joseph Bonaparte
(Joseph I)
1832–1844
King Joseph I of Spain.jpg 7. januar 1768, Corte
Son av Carlo Buonaparte
og Letizia Ramolino
Julie Clary
1. august 1794
2 barn
28. juli 1844
Firenze
76 år gammal
Louis Bonaparte
(Louis I)
1844–1846
LouisBonaparte Holland.jpg 2. september 1778, Ajaccio
Son av Carlo Buonaparte
og Letizia Ramolino
Hortense de Beauharnais
4. januar 1802
3 barn
25. juli 1846
Livorno
67 år gammal
Napoleon III*
1846–1873
President av Frankrike (1848–1852)
Keisar av franskmenn(1852–1870)
Alexandre Cabanel 002.jpg 20. april 1808, Paris
Son av Louis Bonaparte
og Hortense de Beauharnais
Eugénie de Montijo
30. januar 1853
1 barn
9. januar 1873
Chislehurst
64 år gammal
Napoléon, Prince Imperial
(Napoléon IV)
1873–1879
Prince Impérial, 1878, Londres, BNF Gallica.jpg 16. mars 1856, Paris
Son av Napoleon III
og Eugénie de Montijo
Aldri gift 1. juni 1879
Zuluriket
23 år gammal
Victor, Prince Napoléon
(Napoléon V)
1879–1926
Victor Napoleon.jpg 18. juli 1862, Palais-Royal
Son av Prince Napoléon Bonaparte
og Princess Maria Clotilde av Savoy
Princess Clémentine av Belgia
10/14. november 1910
2 barn
3. mai 1926
Brussel
63 år gammal
Louis, Prince Napoléon
(Napoléon VI)
1926–1997
Napoleon vi.jpg 23. januar 1914, Brussel
Son av Victor, Prince Napoléon
og prinsesse Clémentine av Belgia
Alix, Princess Napoléon
16. august 1949
4 barn
3. mai 1997
Prangins
83 år gammal
Charles, Prince Napoléon
(Napoléon VII)
1997–no
(omstridd)
19. oktober 1950, Boulogne-Billancourt
Son av Louis, Prince Napoléon
og Alix, prinsesse Napoléon
Prinsesse Béatrice av Bourbon-Dei to Sicilia
19. desember 1978
2 barn
Jeanne-Françoise Valliccioni
28. september 1996
1 barn (adoptert)
Jean-Christophe, Prince Napoléon
(Napoléon VIII)
1997–no
(omstridd)
Prince Napoléon.JPG 11. juli 1986, Saint-Raphaël, Var
Son av Charles, Prince Napoléon
og prinsesse Béatrice av Bourbon-Dei to Sicilia
Ugift

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bonapartister». Store norske leksikon. 21. september 2018.