Bondestudentar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Han lagde dusken bak; lagde dusken fram; lagde dusken midt på aksli; nei. Det vart ikkje den rette svingen. Og frakken, - frakken sat, som alle frakkane hans hadde siti. Han såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han var ein forklædd bonde. (…) Alle dei unge bystudentane som kom strukande fine og lette som fuglar i sol og bar duskeluva so flott og fjongt som ho skulde vera støypt til deim (…) Dei fleste (…) var folk med store plattyske namn, og med dette særskilde fine lag, som Daniel hadde undra seg yvi i alle sine dagar

Bondestudentar er ein roman av Arne Garborg, utgitt av Fr. Nygaards Forlag i Bergen i 1883.

Hovudpersonen Daniel Braut er ein evnerik bygdegut frå små kår som får høve til å studere, fyrst på Heltbergs studentfabrikk, sidan på universitetet. Romanen er naturalistisk, og skildrar på fleire måtar hovudpersonen sitt svik mot røtene sine og opphavlege ideal. Forfattaren tek med seg hovudpersonen vidare og tek han i bruk om igjen i romanen Mannfolk (1886) og skodespelet Læraren (1896).

Boka er til dels ein sjølvbiografisk nøkkelroman, og Garborgs samtidige Aasmund O. Vinje, Olaus Fjørtoft og Christopher Bruun kan kjennast att under andre namn.

Boka har vore ein generasjonsroman og ein livsfaseroman for fleire generasjonar av ungdom som har gjennomført klassereisa frå landsbygda til akademia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]