Hans Midbøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Midbøe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juli 1915
Kragerø kommune
Død

27. november 1999 (84 år)
Bærum kommune

Yrke litteraturkritikar, litteraturhistorikar

Hans Lasinius Midbøe (20. juli 191527. november 1999) var ein norsk litteratur- og teaterhistorikar, fødd i Kragerø og død i Bærum. Han var ein allsidig humanistisk forskar, med eit interessefelt som strekte seg «fra norsk og latinsk middelalderlitteratur til svensk, dansk, tysk og engelsk romantisk poesi og nordisk 1890-årsdikting».[1]

Prestesonen Midbøe voks opp på Hamarøy og tok i 1935 eksamen artium på latinlinja ved Orkdal landsgymnas. Dei neste åra studerte han ved Universitetet i Oslo, og tok i 1942 magistergraden i litteraturhistorie. Åra 1943-47 arbeidde han ved Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt. I 1946 vart han dr.philos. på avhandlinga Romantikkens balladediktning. – Mytiske motiver, og gav året etter ut ei bok om Petter Dass. Tida 1947-53 var han universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo. I denne perioden kom han mellom anna ut med Draumkvedet. En studie i norsk middelalder og Arne Garborg og Bondestudentar.

Frå 1955 til 1973 var Midbøe dosent, og seinare professor, i norsk litteraturhistorie ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim. Her skreiv han det omfattande tobandsverket Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Historie 1760–1960 og forfatta fire bøker i kring Jonas Lie og hans forfattarskap. Sidan 1973 var Midbøe dosent og til sist professor i teatervitskap ved Universitetet i Oslo. Det resulterte i verket Peer Gynt. Teatret og tiden der han inngåande handsamar delar av hundre års teaterhistorie, ikkje minst oppsetjingar ved Det Norske Teatret.

Kjelder og notar[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkel i Norsk biografisk leksikon
  1. Noreng, Harald (13. februar 2009), «Hans Lasinius Midbøe», Norsk biografisk leksikon