Borgund kommune i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den tidlegare kommunen i Sogn og Fjordane med same namnet, sjå Borgund i Sogn.
Borgund kyrkje.

Borgund kommune er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke oppretta som Borgund formannskapsdistrikt i 1837. Området som utgjorde kommunen er no delt mellom Giske, Haram, Sula og Ålesund. Kommunen omfatta fleire øyar, som Ellingsøya, Giske, Humla, Sula og delar av Uksenøya, Hessa og Nørvøya.[1] Namnet «Borgund» er sett saman av borg som tyder 'borg, bygdeborg' og -und, 'rik på'.[2]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har vist busetjing på staden frå 1000-talet av, truleg av bymessig art på 1200-talet. Borgund hadde tre, kanskje fire kyrkjer i mellomalderen. Borgund steinkyrkje står framleis. Borgund kaupang ved kyrkja var den viktigaste handelsstaden for Giskeætta. På 1300- og 1400-talet gjekk busetjinga tilbake.[3]

Borgund kommune blei oppretta i 1837 og delt allereie i 1849Skodje kommune med 2 170 innbyggjarar blei skild ut som eigen kommune. Borgund hadde etter dette 4 461 innbyggjarar.[4]

1. januar 1908 blei kommunen igjen delt då Giske kommune med 1 708 innbyggjarar blei skild ut. Borgund hadde 6 734 innbyggjarar etter frådelinga.[5] 1. januar 1916 blei det gjennomført ei grenseregulering som gav Borgund ein del av Skodje kommune med 14 innbyggjarar.[6]

1. juli 1958 blei eit område i Hareid kommune med 68 innbyggjarar overført til Borgund.[7] 1. januar 1965 blei delar av Borgund med 1 191 innbyggjarar, Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestanfor, slått saman med det meste av Haram og Vatne kommunar til den nye Haram kommune.[8]

1. januar 1968 blei resten av Borgund med då 20 132 innbyggjarar slått saman med Ålesund kommune.[9] Borgund kommune var på dette tidspunktet den største kommunen i Møre og Romsdal i folketal. Dåverande Ålesund kommune hadde 18 457 innbyggjarar. Den nye storkommunen Ålesund fekk etter samanslåinga 38 589 innbyggjarar.

1. januar 1977 blei øya Sula som tidlegare var ein del av Borgund, og som no hadde eit folketal på 6 032, delt frå Ålesund og etablert som eigen kommune.[10] Etter delinga hadde Ålesund kommune 34 639 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

I 1963 passerte Borgund kommune Ålesund kommune i folketal, og var dermed den største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal ved kommunesamanslåinga i 1968.

Folketalsutvikling for tidlegare Borgund kommune frå 1908 til 1965:

1.1.1908[11] 1.12.1920[12] 1.12.1930[13] 3.12.1946[13] 1.1.1951[14] 1.1.1961[14] 1.1.1965[14]
6734ab 7341a 8658a 11431a 12525a 17562 19571

aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Hareid kommune fram til 1958, då det vart overført til Borgund kommune. Dette området hadde då 68 innbyggjarar.
bDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Skodje kommune fram til 1916, då det vart overført til Borgund kommune. Dette området hadde då 14 innbyggjarar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]