Hopp til innhald

Giske

Giske
Utsyn over Giske.
Utsyn over Giske.
Geografi
StadSunnmøre
Koordinatar62°30′24″N 06°02′53″E / 62.50667°N 6.04806°E / 62.50667; 6.04806
Areal2,67 km²
Høgaste punktØrnebakken (26 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Største busetnadGiske (813 innb.)
Demografi
Folketal842 (2024)
Folketettleik315 /km²

Giske er den minste øya i Giske kommune, og har 842 innbyggjarar (2024). Tettstaden Giske ligg på øya. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane.

Flate Giske med snø.

Namnet Giske er truleg avleia av norrønt gizki, 'duk' eller 'klut', som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungeætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.

Øya har fornminne frå mange epokar, som Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå mellomalderen og det tidlegare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir vist fram anna kvar sommar, fortel soga om Arnungane.

Makkavika.

Øya har ei flatevidd på 2,67 km². Ørnebakken på 26 moh. er det høgaste punktet.

Ho blei forbunden med fastlandet i 1987, då bru til Valderøy stod ferdig. Vegnettet blei seinare utvida med ein undersjøisk tunnel til Godøy.

Våtmarksområdet Makkevika er eit freda fuglemområde. Strandlina har mange fine sandstrender som blir brukte av både fastbuande og tilreisande. Dei mest besøkte strendene er sanden ved brua og Øygardsjøen. På Kvalneset, vest på øya, tørka ein tidlegare fisk.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
194 468 592 842